Jernia Bømlo ein hjørnestein for Svortland sentrum !

bilde

Jernia Bømlo ein hjørnestein forSvortland sentrum !

Jernia Bømlo har lenge vore ein hjørnestein i Svortland sentrum, og i dag vitjar Bømlo næringsråd denne viktige butikken.

Med sin sentrale plassering og gode parkeringsmoglegheiter
tiltrekkjer Jernia Bømlo både lokale innbyggjarar, hyttefolk og reisande.
Butikken er kjend for sitt breie utval av varer og sin dedikasjon til
kundeservice, noko som gjer den til ein uunnverleg del av lokalsamfunnet.

Me treff på en blid eigar Bent Ingvald Agasøster, på jobb. Han hevdar sjølv at no er han berre ferievikar, «eg er jo  65 år».

Vært butikkeigar i 28 år

Det er kona Berit Agasøster som er daglegleiar og som styrer den daglege drifta, men ho har fri i dag.

Det er  28 år sidan han og kona overtok  Jernia Bømlo, det første dei gjorde var å gå
inn i Jernia kjeden. Det er vanskeleg å være sjølvstendig jernvarehandel i
dagens samfunn fortel han, det er dyrt med marknadsføring og vanskeleg å få tilgang
til varer viss ein ikkje deltek i ein kjede der dei forhandlar prisar og tek
felles innkjøp. Kundene er oppteken av gode tilbod, som dei får via nettet, og
våre tilbodsaviser ,fortel Bernt. Det er ein butikk med eit stort og
innhaldsrikt varelager, som har mange varelinjer,ein får det meste av jernvare, kjøkkenutstyr,
maskiner, interiørartiklar og maling.

Sommarhandelen 2025

Korleis går sommarhandelen då, Bent? Den er bra den, fortel han, han er
stortsett nøgd. Sommaren er nok ikkje den travlaste tida, men me har jo litt
ekstra hyttefolk som kjem innom.

Ynskjer å selje butikken.

Me spør Bent om kva han tenkjer om framtida?

«Det er ingen av borna våre som vil overta, og ynskjer å pensjonere meg snart fortel
han».

Jernia Bømlo har stabile tilsette som står
på og som har vært tilsett lenge, og ein god kundemasse. Det er absolutt liv
laga å drive Jernia Bømlo videre, hevdar han.

Bømlo næringsråd ynskjer Bent og Berit
Agasøster lukke til vidare og oppmodar alle til å støtte opp om denne viktige
butikken. Jernia Bømlo er ikkje berre ein butikk, men ein viktig del av
lokalsamfunnet som fortener å bli verdsett og støtta av alle som bur og
ferierer på Bømlo.

Bent Agasøster, kallar seg sjølv for ferievikar!

Sjå alle nyhende