Integratoren i Hollundsdalen

bilde
Foto: Dagleg leiar John Kåre Torkelsen i Smart Automation. Bilete: Randi Olsen.

Dei som skal følgja med på utviklinga i næringslivet vårt må heile tida vera oppdaterte både på det som skjer på teknologisida, men også på nye omgrep. Integrator er eit slikt omgrep, som er eitt av hovudbodskapa frå Smart Automation AS i Hollundsdalen.

Smart Automation AS definerer seg som ein systemintegrator. – Ordet integrera er nok kjent for dei fleste, men då gjerne i andre samanhengar enn i næringslivet. I eit heile eller ein fellesskap. Når me skal levera eitt av systema våre i eit allereie etablert system, må me kjenna til korleis dei andre systema fungerer for å kunna integrerast på ein best mogeleg måte. Gjev dette meining? undrast dagleg leiar John Kåre Torkelsen. Han forklarar at dei ynskjer å samarbeida med dei andre leverandørane og å ha kjennskap til og kunnskap om korleis ting fungerer som dei skal kommunisera med.

Smart Automation AS starta som ei gründerverksemd i Urangsvåg i 1978 under namnet Steinco AS. I dag er dei 27 tilsette på prosjekt og produksjon, og leverer både til inn- og utland. - Me leverer komplette overvakings- og kontrollsystem til den marine næringa og til havbruksnæringa. Mellom anna har me levert ein totalpakke til brønnbåtreiarlaget Napier AS på Bømlo sine fartøy. Dei er i ei rivande teknologisk utvikling, og me har levert eit komplett kontrollsystem. Det betyr operatørstasjonar med skjermar, med kontroll på alt som går føre seg om bord, frå fisken kjem om bord og til han vert lossa. Me har blant anna kontrollsystem for reingjering av tankar og andre komponentar til skipet er klart til å ta imot ny last. Du kan seia at me skal syta for at det ikkje går alarmar om bord, systemet vårt passar på at alt er som det skal, seier Torkelsen.

Smart Automation leverer altså smarte løysingar, tilpassa kvar enkelt kunde. Eitt av prosjekta dei jobbar med no er på oppdrag frå Hardanger Fiskeforedling AS der dei skal levera ein avansert batteripakke om bord i brønnbåten «Fonnalaks» som dagleg skal frakta laks til det nye lakseslakteriet på Langevåg. Det er ei ladbar hybridløysing som gjer at båten går på ordinær motorkraft når han er undervegs, men som brukar energi frå batteri når han lastar og lossar og elles ligg under land. Då koblar fartyet seg til landstrumasanlegg, som LOS Elektro leverer. - Fartyet skal kunna ladast opp på eit par timar, ca., seier dagleg leiar John Kåre Torkelsen. Han fortel at dei også skal levera eit tilsvarande system til fiskebåten «Trønderbas». - Me har også levert eit nokonlunde tilsvarande system til Fiskeridiektoratet sitt nye oppsynsskip «Fjordgyn» som vart bygt ved Oma på Stord. Den var det første i sitt slag i verda, seier ein stolt dagleg leiar. Det omfatta både hovudtavler, generator, elektromotorar og batteri.

Torkelsen opplyser vidare at dei leverer både i inn- og utland, kring 60 prosent norsk og kring 40 prosent utland. Mykje av utanlandsleveransane går til Tyrkia. - Utfordringane våre den stadige konkurransen på pris frå lågkostland som ikkje set krav til løn, arbeidsmiljø osb.

Men det er tydeleg at hybrid og elektriske løysingar er det rette å satsa på i framtida, seier Torkelsen. – Me må finna fram til system tilpassa nye energiberarar, og eg er optimistisk med tanke på framtida, seier han. «Trønderbas» er ein av dei første fiskefartya som installerer vårt system, og det viser at me er konkurransedyktige på pris samanlikna med dei store aktørane. Torkelsen trur at ein av styrkane deira er at dei er ein relativ liten organisasjon, med lokalt eigarskap, og med korte beslutningslinjer.

Han brenn for lokale arbeidsplassar, og seier at ved at lokale firma handlar hos dei, bidreg det til at investeringane blir lokalt, at verdiskapinga som vert produsert, forblir på lokale hender. Og det er viktig.

Sjå alle nyhende