Innspel til NTP til Vestland fylkeskommune

bilde

Bømlo Næringsråd har sendt inn innspel til NTP for 2025 - 2036 til Vestland fylkeskommune. Innspelet frå Bømlo understøtter innspelet til Sunnhordlandsrådet og dei andre kommunane i regionen, og peikar mellom anna på at Hordfast og E134 er viktige suksesskriteria for vekst og utvikling i vår region, både med tanke på effektivitet i transport og kompetanse.

Her kan du lese høyringssvaret i sin heilskap.

"Sunnhordland er ein region med mykje og variert næringsliv. Her finn ein alt frå tradisjonell industri, til framtidsretta, grøne eksportnæringar. Næringslivet er gode på omstilling, og me har fleire bedrifter som er verdsleiande på sine produkt og tenester i denne regionen.

Hordfast og E134 er begge svært viktige drivarar for vidare vekst og utvikling for næringslivet på Bømlo og i Sunnhordland, og viktige suksesskriteria for at fleire av våre bedrifter skal vere konkurransedyktige og ha tilhald i vår region i framtida òg. Både i høve effektivitet på transport og tilgang på kompetanse.

Bømlo Næringsråd vil difor understreke at ramme 2 må vere eit minimum for NTP 2025 – 2036, og at følgjande prosjekt må vere med i NTP 2025-2036.

  1. Hordfast oppstart første perioden 2025-2030
  2. E39 Heiane – Ådland/Nordre Tveita
  3. E134 Haukelivegen –Seljestad-Røldal
  4. E134 Bakka – Solheim
  5. E39 Bokn – Stord

Prosjekta er mogne, klare for igangsetting og har høg samfunnsmessig verdi.

Bømlo Næringsråd meiner elles at rassikring og vedlikehald fylkesvegar må styrkast.

Bømlo Næringsråd ser elles fram til eit godt samarbeid framover, og ønskjer lykke til med innspelsprosessen til NTP."

Sjå alle nyhende