Innspel til KVU for kryssing av Bømlafjorden

bilde

Statens vegvesen held på med ei konseptvalutgreiing (KVU) for ny kryssing av Bømlafjorden. Bømlafjordtunnellen innfrir ikkje krav i EU for mellom anna branntryggleik og rømning, og ei ny kryssing som skal løyse desse problema er difor under utgreiing. I samband med dette, har Bømlo Næringsråd gjeve følgjande innspel.

Trekantsambandet er ein av dei viktige føresetnadane for næringslivet i Bømlo, Sunnhordland, Hauglandet og Vestlandet. I regionen er eit rikt og variert næringsliv, og me har fleire bedrifter som er verdsleiande innan alt frå olje og gass og maritim industri, til havbruk og fiskeri.

Næringsliv og kommunar i Sunnhordlands- og Haugalandsregionen har, sidan vedtaket om Trekantsambandet, byggja opp lokal infrastruktur og leverandørkjedar for å sikre effektiv kommunikasjon til og frå knutepunktet på Føyno.

Ein må ikkje gjere endringar som aukar reisetida frå etablerte næringsklynger i området til/frå E39, eller reduserer moglegheiter for framtidig verdiskaping innan våre etablerte næringsområde, eller framtidige satsingsområde.

Framtidig løysing må difor ikkje:

  • Auke reisetid for næringslivet på Bømlo, eller Sunnhordland og Haugalandet elles, og dermed endre rammevilkåra for næringslivet i negativ retning
  • Leggje begrensingar for næringslivet som brukar, eller planlegg bruk av, Bømlafjorden for frakt av offshoreinstallasjonar for olje- og gass/havvind

Viser elles til høyringsuttale frå Hordfast og dagleg leiar Øyvind Halleraker, og støttar opp under deira innspel, om at ny parallell tunnel til dagens vert greia ut som eit viktig alternativ i KVU arbeidet.

Sjå alle nyhende