HSD – meir enn eit handelssenter

bilde

HSD er eit handelssenter, men også ein viktig sosial arena, både mellom besøkande, kundar og tilsette, og mellom dei tilsette på senteret. Lokalsenter har ein sentral plass i lokalmiljøet, og er ein arena for meir enn rein handel.

– Me ønsker å gi folk ei god oppleving, fortel senterleiar Stine Vikse og møter oss i eit lyst og julepynta senter med summande aktivitet.– HSD Handelssenteret ditt, er eit moderne og flott kjøpesenter, fortset senterleiaren. – Me har feira 6-årsjubileum og har sidan starten oppgradert fleire butikkar og fellesareal. Kundane har lett tilkomst med parkering og alle butikkar er på eitt plan, kan Stine fortelja. – Heilt frå starten av har me vore opptekne av at lokale innbyggjarar skal føla «nærleik» til senteret. Namnekonkurransen i forbindelse med senteropninga skapte stort engasjement. Senteret har også ein maskot som fekk namnet Busse gjennom ein namnekonkurranse.

Ein stor arbeidsplass

HSD-senteret har til saman 16 butikkar/serveringsstader med ulike butikkar og godt utval innan daglegvare, blomar, leiker, bøker, apotek, briller, sko og klede, garn og hobbyartiklar, fritids/sportstøy, interiør og hushaldningsartiklar m.m. Det er ca. 95 tilsette, mellom anna fleire skuleungdomar og studentar. Dette utgjer ca 75 årsverk.

Kaféen på HSD kan freista med god, heimelaga og tradisjonsrik mat i tillegg til kjappe måltid, bakst og kaker. – Dette er blitt ein viktig møteplass for mange, seier Stine, og me leiger ut selskapslokale også. Dei som ynskjer det kan ta kontakt med kafeen Kafe’dn i By’dn for meir informasjon.

Senteret tilbyr gratis utlån av rullestol, gratis parkering og dessutan ladestasjonar for el-bilar, og her er også spylarveskestasjon. – Det er tenester kundane veit å setja pris på, fortel Stine vidare.

HSD-helg kvar månad

Ein gong i månaden er det HSD-helg, då prøver senteret å vera ein møteplass og skapa gode opplevingar gjennom aktivitetar for både barn og vaksne, i tillegg til vår vanlege aktivitet. – Målet er å ha eit så godt utval at du kan handle det du treng i kvardagen, og du er velkommen til å vera med i HSD sin eigen kundeklubb, der får du nokre fordelar som kan vera kjekke å ta med seg. – Som lokalsenter er det viktig å femna heile familien. Me gir ein del ungdom tilbod om utplassering gjennom skule, ekstrahjelp ved sidan av skule, lærlingordningar m.m. Det kan bety mykje på ein CV om ein kan visa til slike jobbar. Slik ønsker me å vera ein lokal støttespelar og elles sponsar me lokale lag og organisasjonar som engasjerer barn og ungdom med sekssifra beløp kvart år. Lag og organisasjonar har dessutan høve til å til gratis plass for sal av lodd mm.

Fint å handle lokalt

I tillegg har fleire av butikkane no klikk og hent, dette har vist seg å være populært blant kundar lokalt, men og i nærkommunane. Dette har gitt butikkane auka omsetning. Me ser på klikk og hent som ein god variant av netthandel. Varene er tilgjengelege for kunden og kan bestillast når kunden ønskjer det, men på ein meir personleg måte ved at kunden kjem innom butikken og kjøper vara og kan få den personlege kontakten og vegleiinga. – Omsetninga på senteret i fjor var rekordstor. Så langt i år er omsetningsauken på ca 7%. 2021 blir såleis nok eit rekordår, og me gler oss sjølvsagt til julehandelen i år også!– Me har tru på at nærsenter i lokalmiljø har si framtid, så velkommen til oss, avsluttar senterleiar Stine Vikse.

Sjå alle nyhende