Hoem Blikk blir ein del av Teca

bilde
Foto: Morten Hoem og Jan Ivar Westvik.

Hoem Blikk blir frå 1. desember ein del av Teca sin avdeling på Husnes. Alle dei fire tilsette skal jobbe vidare i Teca og blekkslagarverkstaden på Sunde vil fortsette som før.

– For oss var det viktig å finne ein lokal aktør som satsar i Kvinnherad og Sunnhordland seier Morten Hoem. Me har jobba mykje saman med Teca og tidlegare KES over fleire år.

Teca har avdelingskontor på Husnes og dette fortset som før.

– Me er svært nøgde med å ha fått Morten og dei med på Teca-laget seier Jan Ivar Westvik, avdelingsleiar for Klima og Energi i Teca. Det er høg aktivitet, og me har ein stor ordrereserve framover så det er godt å få med fleire flinke folk. Tilgangen på verkstaden og utstyret der vil også gje oss eit fortrinn framover og styrke avdelinga i Kvinnherad fortset han.

Hoem Blikk har blitt drive av far Steinar saman med sønene Morten og Thomas. Dei har hatt med seg ein tilsett. – Me har jobba saman med Teca lenge og kjenner dei godt, det blir kjekt å få fleire kollegaer og bli del av noko større sier Hoem.

Westvik fortel at Teca har fått mange nye medarbeidarar i år, mellom anna fleire lærlingar. Teca er ein teknisk totalleverandør i Sunnhordland og består av fleire lokale selskap med lang historie som har blitt slått saman.

Sjå alle nyhende