Haustar frå havet

bilde

Eidesvik Havfisk er ei familiebedrift med fire brør som eig kvar sin firedel av det fiskebaserte konsernet. Dei er femte generasjon fiskarar i Eidesvik og har etter kvart bygd opp eit konsern som i 2020 omsette for 433 millionar kroner og hadde om lag 65 tilsette. – Me har to føter me står på, fiskeri og oppdrett, fortel dagleg leiar og eldstemann av brørne, Lars Magne Eidesvik.

Me møter han og broren Celius til ein prat i ein hektisk kvardag. Dei fortel at selskapet er fordelt på fleire områder, men det er fiskeri som la grunnlaget. – Hadde me ikkje hatt det då lakseprisane var på det lågaste for nokre år sidan hadde me ikkje hatt oppdrett lenger, seie Lars Magne. – Men det kan også vera omvendt. Me er avhengige av prisane på marknaden i begge tilfelle, og i ein bransje med så store investeringar er det stor risiko, slår Lars Magne fast.

Fiske var starten, - og fortsettinga

Dei tre moderne fiskebåtane «Elisabeth»,«Bømmelfjord» og «Bømmelbas» er gode reiskap i fisket. «Bømmelfjord» og «Bømmelbas» er fullstrukturerte, det vil sei at dei har nådd taket på fiskekvotane dei kan ha. Alle de fire brørne er fiskarar og tar tørn om bord. – Her er nøkkelordet samarbeid, understrekar dei i samtalen. – Me har fått vår utdanning og erfaring i arbeid på eigne båtar, deler på oppgåvene og er eit godt team. Og me er nøydde til å satsa om me vil vera med i framtida. Dei er i ferd med å få med seg neste generasjon inn i fisket og oppdrettsnæringa. Det er interesse Styre- og dagleg leiar i Eidesvik Havfiske, Lars Magne Eidesvik (t.v.) og Celius Eidesvik.blant ungdommen på staden å gå den vegen, til og med jentene begynner å få interesse for dette yrket. Amanda Louise Eidesvik var omtalt både i lokalavisa og Fiskeribladet Fiskaren i vinter om si interesse og at ho siktar mot å bli styrmann på ein havgåande fiskebåt.

Då «Bømmelfjord» kom til Bømlo frå Austevoll i 2019, auka delen av dei nasjonale pelagiske (sild, tobis, kolmule og makrell) trålkvotane som høyrer til på Bømlo frå 28 til 40 prosent! – Eidesvik Havfiske har 17% av desse kvotane.

Oppdrett kom på 80-talet–

Så har me parallelt satsa sterkt på oppdrett og har drive med dette sidan 80-tallet. I dag har me settefisk- og smoltanlegg på Bømlo og fire og ein halv matfisk-konsesjon i Ryfylke. – Me er heldige som får jobba med fisk og fiske, det er dette me brenn for. Og det skal vera berekraftig, det me driv med. Difor hadde me t.d. allereie i 2014 elektrifisert alle fôrflåtane våre, fortel Lars Magne, det var positivt for både miljø og økonomien. Det nybygde smoltanlegget vårt er eit sokalla «RAS-anlegg», landbasert og utforma for å kunne produsera store mengder fisk med eit relativt lågt vassforbruk. Vatnet blir reinsa og brukt opp igjen (opp til 99%), alt avfall blir filtrert bort og handtert vidare på ein trygg måte. – Det er også viktig at me har berekraftig økonomi i alt dette nye, grøne.

Det må gå i hop i forhold til investeringar og kostnader slik at me kan trygga dei lokale arbeidsplassane og drifta på sikt, understrekar dei to.

Samarbeid er viktig

– Utan godt samarbeid ville me ikkje fått til det me gjer, seier Celius. Me er fire brør som no eig og driv selskapet ilag. Selskapet er medeigar i Hardanger fiskeforedling, som no går i gong med å byggje opp lakseslakteriet på Langevåg, som tek sikte på å sysselsetje 40 personar frå neste år av. Me er også opptatt av å støtta lokalsamfunnet og bedriftene rundt oss. Det er alltid kjekt å lesa eller høyra at det går godt for andre. Saman kan me få til mykje og skapa eit godt grunnlag for å leva også her i vår kommune. Difor er me også med i Bømlo Næringsråd som me meiner er viktig for å få til det gode samarbeidet i heile kommunen.

Samarbeidet med Bømlo kommune er også viktig og godt. Det er fantastisk å kunna køyra på gode vegar nordover og at kommunen også forstår kor viktig ferja her sør er for oss, understrekar Lars Magne.

FiskerihamnaOg når dei først er inne på kommunen rosar dei den imponerande innsatsen som er lagt ned for fiskerihamna. Og no er det blitt eit flott resultat, 165 mill. kroner til molo er løyvd frå fylket. Det vil bety svært mykje for næringsutviklinga i regionen, og gje nye bedrifter grunnlag for drift i området og slik generera nye arbeidsplassar. - Det treng me, avsluttar dei to brørne.