Han er fjerde generasjon i den tradisjonsrike bedrifta

bilde
Foto: Berner Elias Innvær her i selskapets utstillingslokale i Hollundsdalen

Bømlo Næringsråd tok turen for å helse på ny dagleg leiar i Trapperingen B.Innvær AS, Berner Elias Innvær.

Den 1. januar overtok Berner  som dagleg leiar i Trapperingen B. Innvær AS etter faren Kristian Innvær, som har leia verksemda sidan 1987. Med skiftet er det no fjerde generasjon Innvær som står i spissen for den tradisjonsrike bedrifta, som gjennom fleire tiår har bygd opp solid kompetanse innan produksjon og montering av trapper.

34-åringen kjenner bedrifta godt frå før.Han har vore styremedlem sidan 2018, og arbeidde eitt år som trappemontør i 2012. Den praktiske erfaringa meiner han har vore viktig, fordi ho gav han innsikt i både handverket, produksjonen og detaljane som ligg bak eit ferdig produkt.

Etter 8,5 år som prosjektleiar i Byggmester Hitland AS går han no inn i familieverksemda med solid bransjeerfaring. Han trekkjer fram at erfaring frå kundesida har gitt nyttig
lærdom å ta med seg inn i den nye rolla, særleg når det gjeld planlegging, samhandling
med kundar og forståing for kva entreprenørar og byggherrar treng i ulike prosjekt.

Berner er busatt i Bergen med kone og to små born, han er på Bømlo eit par dagar i veka resten av tida arbeider han frå Bergen, der dei har salskontor/butikk.

Trapperingen B. Innvær er ei tydeleg familiebedrift, med fleire familiemedlemmer i arbeid på fabrikken. Sjølv omtanken om å gå inn i bedrifta har lege der lenge, understrekar Berner at valetikkje har vore sjølvsagt. Han har brukt tid på å vurdere både rolla, ansvaret og kva han sjølv kan bidra med i den vidare utviklinga av verksemda.

Den første tida vil  bli brukt på å bli betre kjend med både folk og drift frå ein annan ståstad enn styrebordet. Målet er ikkje store omveltingar med ein gong, men vidare
utvikling, gode løysingar, auka marknadsdel og fortsatt kvalitetsproduksjon.
For Berner handlar det om å byggje vidare på det som allereie fungerer godt,
samstundes som bedrifta skal vere open for nye moglegheiter og tilpassa seg
behova i marknaden framover. 

Berner er optimistisk med tanke på framtida, og ser fleire moglegheiter for vidare vekst og utvikling for Trapperingen B. Innvær AS. Samstundes peikar han på at gode rammevilkår er avgjerande dersom bedrifta skal kunne ta nye steg. Infrastrukturen inn til
industriområdet i Hollundsdalen må utbetrast, og straumforsyninga må styrkjast
for å møte behova i ei moderne produksjonsbedrift. Med nytt og meir avansert
utstyr aukar krava til både kapasitet og stabilitet, og tilgang på nok straum
er ein føresetnad for å kunne produsere effektivt, investere vidare og halde
fram med å levere kvalitet til kundane.

Berner får du betre alnedning til å bli betre kjent med på årets Bømlakonferanse som går av stabelen 17 september i Bømlo Kulturhus.


Relaterte bedrifter