- Hadde vore kjekt med eit kreativt kontorfellesskap ved sjøkanten

bilde

Etter mange og til dels lange omvegar, er Haldis Karin Habbestad (44) tilbake på Bømlo med familie og jobb. Ho driv Habbestad Prosjektdesign frå heimen sin på Steinsbø. Men ho kunne ynskt seg eit fresht, kreativt kontorfellesskap, sjølv om det er «- overraskande sosialt på Teams også».

Me har truleg alle vore ein tur på IKEA ein eller annan gong. Kanskje med klare tankar om at me ikkje skulle kjøpa så mykje, men så har du plukka med deg både det eine og andre som du eigentleg ikkje har bruk for. Telys og serviettar og ulike dippeduttar som på «merkeleg» vis hamnar i korga.

Og det er ikkje tilfeldig, det er nøye planlagt. Og ei av dei som er med og planlegg varehus og planleggingsstudio (me kjem tilbake til det) for IKEA held til på Steinsbø, på eit lite, men triveleg, kontor i huset sitt, er Haldis Karin Habbestad (45) i Habbestad Prosjektdesign. Ho driv sitt eige firma, men jobbar for tida for IKEA sitt hovedkontor i Malmø med å prosjektera nye varehuskonsept over heile verda. I desse dagar er det mellom anna Esbjerg i Danmark som skal få eit nytt IKEA-varehus.

Fødd i eit malingspann

Det er ikkje unaturleg at Haldis Karin enda opp med å utdanna seg innan interiør og design. Foreldra hennar, Solveig og Arne Habbestad, dreiv Bømlo Farge og Miljø i mange år, og ho var tidleg med og jobba på butikken. Dermed kom interessa for design og innreiing. Etter vidaregåande reiste ho til Oslo, studerte interiørdesign og vart buande der i åtte år. – Då eg var ferdig med vidaregåande skule, var det enno for tidleg for foreldra mine å gje frå seg butikken, og eg var jo også altfor ung til å ta over, forklarar ho. Ho fekk seg jobb i eit firma som jobba med totalprosjektering av både hytter og hus. – Tanken var heile tida å flytta heim til Bømlo, men det laga seg liksom ikkje med jobb. Det vil seia, eg hadde alltid jobb å koma til, men eg var liksom ikkje klar. Dermed vart det Stavanger som ein slags mellomstasjon, på veg heim. Der kom det to barn til i familien, barna er no 14 og 16 år. I Stavanger jobba ho også innafor same bransje.

Den dåverande sambuaren til Haldis Karin jobba i forsvaret, og då han vart tilbydd jobb på Rena, flytta dei tilbake til Austlandet, og busette seg i Elverum. Der dreiv ho sin eigen livsstilsbutikk, med interiør og klede, i nokre år. – Det var veldig kjekt, og veldig travelt, seier ho. Men etter kvart kom familien til eit vegskilje, og det var tid for nye utfordringar.

Frå butikkjobb til økonomi og leiing

Det vart travelt å vera delvis åleinemamma og drive butikk. Men Haldis Karin hadde eit latent ynskje om å utvikla seg sjølv og dermed valde ho å selje butikken og setje seg på skulebenken igjen. Det vart to bachelorgrader på fire år ved Høgskolen Innlandet på Rena. Den eine i leiing og organisasjonsutvikling og den andre i innovasjon og entreprenørskap. – Det var gjevande å vera student, saman med medstudentar i alle aldrar. Men eg såg klart at eg hadde ein stor fordel som hadde mange års arbeidserfaring med meg i bagasjen, det var mange knaggar å hengje studiet på, seier ho. Familien budde framleis på Elverum. – Me hadde god kontakt med familien min på Bømlo i den tida. Eg er halvt halling, med mor frå Ål, og me møttest ofte på hytta vår der. Det var berre nokre få timar å køyre. Dermed heldt me kontakten, slår ho fast.

Etter studiene fekk ho seg jobb i administrasjonen på Brikebeinarkontoret. Du veit dei som arrangerer Birkebeinarrennet (ski), Birkebeinarløpet (løp) og Birkebeinarrittet (sykkel). Ho har sjølv gått «Birken» på ski, frå Rena til Lillehammer. Og så ville tilfellet det slik at IKEA skulle opne varehus på Hamar. – Og då kunne eg kombinera den nye utdanninga mi med mi leiarerfaring frå tidlegare jobbar og interessa mi for interiør. Eg søkte og vart henta rett inn i leiargruppa, fortel ho.

Verdsomspennande

IKEA er ein stor og spennande organisasjon. Ho fekk ansvar for 12 tilsette og eit stort økonomisk ansvar. Dermed begynte IKEA-ballen å rulla for hennar del. Etter kvart fekk pappaen til barna seg jobb i Nederland og dei to barna deira fekk høve til å flytta med faren ein periode. Haldis såg verdien av at barna fekk denne sjansen, der var mange fordelar og dei ville få unik erfaring på mange vis å ta med seg vidare i livet. - Så sjølv om det var tøft for meg som mamma, så var det likevel ikkje lengre vegen enn at me heldt kontakten både ved fysiske besøk og via nett, seier ho.

Og kva gjorde ho så for å nytta åleinetida? Jo, ho kontakta ein kollega for å høyre om det var noko spennande på gang. Haldis har alltid vore glad i å reisa, og plutseleg var ho på veg til Sør-Korea for å prosjektere to varehus, i hovudstaden Seoul og i storbyen Busan. – Eg var der i to tremånaders-periodar, ganske spennande og interessant. Maten og folket, det var veldig kjekt, mimrar ho.

Foto: Ikea-varehuset i Busan i Sør-Korea, som Haldis Karin var med og prosjekterte.

Heim til Bømlo

Etter halvtanna år var barna tilbake frå Nederland. Covid-19 var kommen, det var slutt på reising, og Haldis Karin heldt på med prosjektering av to IKEA-varehus i Tokyo frå heimekontor i Elverum. Då kom tanken om at dette kunne ho jo gjere på Bømlo! Og då var det ikkje langt frå tanke til handling. Å koma nærare familie og venner talde også ein god del med i avgjerda om å flytta tilbake, ikkje minst å koma tilbake til sjøen og havet. – Eg elskar å gå turar langs sjøen her på Bømlo, slår ho fast. I dag jobbar ho for IKEA i Malmø med å prosjektera varehus over heile verda. Canada, Danmark, Finland, og USA.

Dei siste åra har ho også vore med og prosjektert eit nytt konsept for IKEA, såkalla planleggingsstudio. Det er store utstillingslokale som vert plasserte sentralt i byar, altså nærare kundane. Du kan ikkje kjøpe noko i desse studioa, men du kan få hjelp til mellom anna å planleggje kjøken og garderobe eller andre rom, du kan gå inn i ferdig innreia rom, sjå utstillingar osb. Så kan du anten kjøpe det du har sett på, i det store, kjende, blå varehuset, eller du kan bestille vara på nettet og få det heim på døra. – Dette er ein del av endringane i IKEA, der målet er å bli meir tilgjengelege for kundane. Dei store, blå bygga ligg oftast utanfor byane, og det er ikkje alle som har bil eller som har tid til å reise ut når dei skal planleggje kjøken, bad eller garderobar. Difor er dette eit godt alternativ og i tida. Det finst planleggingsstudio mellom anna i London, København, Paris og New York, og me opna i Oslo for to år sidan, seier Haldis Karin.

Foto: Planleggingsstudio for Ikea i Montreal i Canada, der Haldis Karin er med i prosjekteringa.

Kunne gjerne jobba i kontorfellesskap

I dag jobbar Haldis Karin som nemnt frå kontoret sitt på Steinsbø. Ho er del av eit team i Malmø som for tida mellom anna held på med prosjektering av eit nytt varehus i Esbjerg i Danmark. Både Canada og Russland står også på prosjekteringslista. – Det tek gjerne eit års tid frå planlegginga startar og til opninga. Lokale krefter startar arbeidet med å leggje til rette, gjere marknadsundersøkingar for oss og slike ting. Når me kjem inn i prosjektet, tek det gjerne tre månader før alt er klart til opning, seier Haldis Karin. – No under pandemien og nedstenginga var det jo likt for alle, at me måtte jobba på heimekontor, og det går heilt fint. Det er overraskande sosialt å møta kollegaer på Teams, altså, og me i teamet er ganske internasjonale og «treffest» også utan å prata jobb. Men det hadde vore kjekt å vere ein del av eit kontorfellesskap her lokalt også. Gjerne ved sjøen og i Urangsvåg, seier ho, gjerne eit kreativt miljø til dømes med arkitektar, grafikarar, interiørdesignarar eller andre likesinna. Men ho er mest oppteken av fellesskapet.

Ho meiner at det burde vore lagt meir til rette for slike fellesskap, anten ved at kommunen eller privat næringsliv stilte lokale til disposisjon. – Det både kunne og ville vore attraktivt for både utflytta bømlingar og andre å komma til Bømlo og etablera seg. Men det måtte vore ikkje vore for dyrt, for det seier seg sjølv at når du er i ferd med å etablera deg, med hus og heim og med firma, så har du gjerne ikkje flust opp med midlar. Sjølv er ho godt etablert med eige firma, og er meir oppteken av å ha fellesskap med andre. Men ho tenkjer på andre som kanskje har lyst å flytta til Bømlo, både utflytta bømlingar og andre. Ho snakkar varmt om inkubatormiljøet i Terningen Arena i Elverum, der ei rekkje bransjar og offentlege kontor har fellesskap i same bygget: Idrett, kultur, bibliotek, næringsliv, NAV osb. Eit kreativt og blomstrande fellesskap. - Det nyttar ikkje berre å tilby folk eit gammalt og nedslite kontor i sentrum, det må vera fresht, kreativt og moderne for å vera attraktivt, slår ho fast.

Foto: Teamet ho jobbar med i frå Malmø-kontoret. Gjengen er spreidd over heile verda, men jobbar saman på nett. 

Kan ta lokale oppdrag

Sjølv om Haldis Karin har nok å gjera i jobben for IKEA, har ho også høve til å ta oppdrag utanom, seier ho. Ho har prosjektert både små og store kontor- og butikkløysingar. Ho er også interessert i styrearbeid i lokale bedrifter, mellom anna for å bli kjend med lokale bedrifter og miljø. – Og skal du handle på IKEA og blir ståande fast, er det lov å ta kontakt, seier Haldis Karin Habbestad til slutt. Ho hjelper gjerne.

Sjå alle nyhende