Greenitives Norway med frisk satsing på Moster

bilde

- Det er ingen andre i Noreg som driv med dette, og me er dei einaste i verda som driv med den teknologien me brukar på Bømlo – denne har me oppfunne sjølv saman med firmaet Thermtech i Bergen, seier Stig Randal, dagleg leiar i Greenitives Norway AS, som held til på Serklau på Moster.

Stig fortel oss at Greenitives arbeider med kalksand som vert til ved at raude algar døyr, og over tid kalsifiserast på havbotnen. Gjennom hundrevis av år vert det til store deponi av slik mineralsand, som vert henta opp frå havbotnen i Noreg. Stig seier at denne kalksanden er beslekta med skjelsand, og er meir bærekraftig å produsere enn kalkproduksjon frå kalkstein gruver på land. – Opphenting av kalksand er regulert med lisensar, slik at ein ikkje hentar opp meir enn det naturen tåler, fortel Randal. Greenitives får levert kalksand frå båtar som kjem frå Nord Noreg og ned til Serklau på Moster.

På besøk på Serklau viser Stig oss rundt i fabrikken, og han fortel at kalksanden vert først ført inn i ein trommel på grovsiling ført det vert sendt inn i ei mølle der den vert tørka og malt. Det er ingenting som vert tilsett i produktet frå Greenitives – produktet er 100% naturleg. - Per no kjem produktet ut frå mølla sortert i to «storleikar», der ein skil det grovaste frå det finmala. Arbeidarane i fabrikken pakkar produktet i posar som dei kjører på lageret der dei står til dei vert levert.

Den største kunden til Greenitives er Felleskjøpet, og det grovaste produktet vert her brukt i kraftfôr. Dette kraftfôret vert typisk gjeve til kyr, og er med på å auke mjølkeproduksjon og feittprosenten i mjølka. Den finmala delen kan blant anna brukast i farmasøytiske produkt, kosmetikk, kosttilskot, maling, og som næringsmiddel til menneske. - I samarbeid med ein av dei utanlandske eigarane har me testa ut dette finproduktet i italienske kyllingpølser og nuggets. Det gav ein betre konsistens på maten, og her trur me det ligg eit stort potensiale i bruk av kalksanden, fortel Randal.

Det er strenge reguleringar for kalksand og produksjon av dette, og fabrikken vert kontrollert på ein EU-standard som heiter GP+. Som følgje av denne standarden, kan ein levere til matproduksjon i Europa til dømes. No held dei og på med ISO-godkjenning som vil styrkje produksjonslinja.

På den vesle fabrikken på Moster er det i dag 6 tilsette – men Stig fortel at dei er på jakt etter fleire flinke folk, og spesielt dei som har prosessbakgrunn eller erfaring frå køyring av maskinar. Dei har store planar om å vekse framover, og første planen er å doble produksjonen på Serklau. Dersom dei får tak i fleire lisensar til å hente ut kalksanden frå havet, har dei og ambisjonar om ein ny fabrikk i Nord Noreg med administrasjon og logistikk frå hovudkontoret på Bømlo.

Sjå alle nyhende