Gode idear og innspel på samling for handverks- og matprodusentar

bilde
Foto: Gullsmio, Sæverud trearbeid, styremedlem i næringsrådet Anita Morlandstø, Alf Johnsen og Skjelleviks trearbeid kom alle med gode innspel i diskusjonane.

Like etter påske samla næringsrådet handverks- og matprodusentar til treff på rådhuset, og både bedrifter, hobbyaktørar og nokre lag- og organisasjonar var invitert. Målet var at fleire aktørar vert kjende med kvarandre, diskutere korleis ein kan bli meir kjend og synleg lokalt, og ikkje minst moglegheiter for å få til meir i lag.

På samlinga fekk ein høyre Astrid Farestveit Gane frå Gullsmio fortelje om korleis dei lukkast gjennom samarbeid. Asbjørn Egeland frå Asbjørns rammeverkstad fortalde om si reise fram til å bli bømling og drive kvalitetsrammeverkstad på hobbybasis i garasjen, og Torbjørn Gjøen fortalde om sin draum om å realisere eit Bømlo Makerspace. I tillegg haldt ordførar og kommunedirektør kvar sine innlegg, som begge syntes det var stas å bli betre kjend med denne delen av næringslivet.

Etter litt kaffi og drøs var det ein diskusjonsrunde om korleis ein kunne bli meir synleg for kvarandre, og for lokalsamfunnet. Alt frå innspel om å vise seg fram på marknader, kople seg til Bømlakortet, delta på Folk på Bømlo og organisere seg gjennom felles salskanalar, var blant innspela som kom. Bedriftene som deltok vart elles oppmoda om å melde inn informasjon om deira bedrift til Bømlo turistinformasjon, slik at informasjon om dei finnes tilgjengeleg på turistinformasjonen i kulturhuset i sommar.

Andre innspel som kom, var til dømes om det var mogleg å leige lokaler saman i sentrum, for dei som ønskjer å arbeide og vise seg fram derifrå. I tillegg var det ønskje om å leige kjøken nokre dagar i veka der ein kan produsere matvarene sine, som til dømes fiskekaker for Bømlo Fersk Fisk og kortreiste produkt frå Sikje.

Det vart òg peika på at medlemsskap i næringsrådet, synlegheit på opplevbomlo.no og næringsrådet sine nettsider var ein fin moglegheit for å vise fram alt som skjer i kommunen på ein stad, og det å knytte seg til bygdesider som er utvikla i deler av kommunen. På denne måten vil ein kunne finne att aktørane der dei er. Å lage til ei oversikt på Opplev Bømlo over korleis ein kan "Handle utanom det vanlege", der ein viser fram galleri og verkstader i garasjar rundt i kommunen på ein stad, var òg eit innspel som kom.

For enkelte ville òg samlokalisering vore interessant å få til, men det forutset at kostnadene ved å leige lokale ikkje er for høg. Gjerne opp mot eit Bømlo Makerspace, kunne vore ein spennande tanke, der ein kunne hatt felles verkstad, vaksne, ungdom, kanskje fått til ein SFO for unge utanom det vanlege osv.

Det kan òg nemnast at det i tillegg vart peika på å gjere Utval for kultur, idrett, næring og innovasjon betre kjent med alt som skjer innan handverks- og matproduksjonsyrka, og vere tydelege på kva som skal til, for at fleire skal lukkast, og at dei som driv skal få best mogleg rammebetingelsar. Kommunedirektøren peika òg avslutningsvis på, at han var like tilgjengeleg for denne delen av næringslivet som resten, så det var berre å ta kontakt om det skulle vere noko.

Takk for ei triveleg samling!

Sjå alle nyhende