G Travel prioriterer forretnings- og marinereiser på Bømlo

bilde
Foto: G Travel

G Travel spissar avdelinga på Bømlo til å bli eit reint forretnings- og marinereisebyrå. Reiselivsnæringa har endra seg mykje i åra som har gått, og sjølv om resultatet er at kontoret på Svortland vert lagt ned, er endringa gjort for å gje eit konkurransedyktig tilbod til kundane der dei er.

Konsulentane vil vere tilgjengelege på telefon og e-post som i dag, og vil arbeide frå heimekontor eller kontoret på Stord, heiter det i ei pressemelding som er sendt ut. 

– Telefonsystema våre vil automatisk overføre telefonar til Stord dersom konsulentane på Bømlo er opptekne, og konsulentane der vil også kunne reservere reiser m.m., opplyser Lars Fylkesnes ved G Travel Stord i pressemeldinga. 

Skal du på ferie må du framover kontakte G Travel Stord. Dei held til i Hamnegata 6 på Leirvik, i Meieribygget, tvers ovanfor Stord kulturhus 

Bakgrunnen for endringane er å samle feriekompetanse på Stord, og prioritere marine- og forretningsreiser på Bømlo, heiter det til slutt i pressemeldinga. 


Sjå alle nyhende