Fullt hus på frukostmøte i nye Sams kontorfellesskap

bilde

Denne veka inviterte Bømlo Næringsråd til frukostmøte i det nyopna Sams kontorfellesskap på Bømlo Storsenter. Det gamle biblioteket som folk heilt sikkert hugsar har no fått nytt liv, og har vorte forvandla til eit moderne og levande kontormiljø med cellekontor, ope landskap og sosiale soner.

Frukostmøte starta med mingling og omvisning i kontorfellesskapet, før me fekk servert frukost frå Hi Sio. Dagleg leiar i Bømlo Næringsråd, Ragnfrid Sønstabø, starta så møtet med ein status frå kva næringsrådet gjer for medlemsbedriftene om dagen, og informerte om komande arrangement utover hausten.

Deretter tok Mari Pedersen Totland ordet, som er dagleg leiar i Ydda AS og ein av initiativtakarane til Sams kontorfellesskap. Ho fortalde om reisa frå idé til ferdig kontorfellesskap.

Bømlo Storsenter tente på idéen allereie i 2023. Etter litt modning og fleire signal frå lokale bedrifter som såg behovet for fleksible kontorløysingar, sto kontorfellesskapet klart for opning 2. oktober i år, fortalde Mari. Ho skrøyt av eigarane bak Bømlo Storsenter som verkeleg har satsa for å skape noko unikt.

I dag er det allereie ti bedrifter som har flytta inn i Sams – og interessa er stor.
Gipsplatene står klare dersom det blir behov for å bygge fleire kontor, fortalde Anita Hellen Morlandstø, dagleg leiar i Bømlo Storsenter.

Kontorfellesskapet har på kort tid utvikla seg til eit varmt og inkluderande miljø, med felles lunsjar, samarbeid på tvers og gode samtalar over kaffikoppen.
Det er akkurat slik me håpte det skulle bli. Eit fellesskap og meir enn berre eit kontor, sa Mari.

Mot slutten av møtet vart alle dei ti bedriftene i kontorfellesskapet presenterte. Nokre presenterte seg sjølve, medan Mari fortalde kort om dei som ikkje var til stades.

Desse bedriftene held til i Sams kontorfellesskap:

  • Akva Group AS
  • Alsvåg AS
  • Elcor AS
  • Linn Valentinsen Fotografi
  • LOS Power Solutions (tidlegare LOS Cable Solutions)
  • Mathias Salmon
  • Navtor
  • Odda Technology
  • Skagen Fondene
  • Ydda AS

Sjå alle nyhende