Frukostmøte hos Signature Management AS på Langevåg
Stor oppslutnad om frukostmøte hos Signature Management AS, på Langevåg.
I overkant av 30 representantar fra ulike bedrifter hadde funnet vegen til Bømlo Næringsråd sitt første frukostmøte etter ferien. Vertskapet baud på nydeleg frukost i kantina til Eidesvik. Dagleg leiar i næringsrådet, Ragnfrid Sønstabø ønska velkommen og orienterte om komande planer og aktivitetar i regi av BN i haust.
Foto: Pål Solli Paulsen, Bømlo Nytt
Signature Management AS
Signatur Management AS, ved dagleg leiar Glenn Atle Larsen haldt ei kort orientering om kva Signatur Management AS tilbyr av tenester innanfor regnskap, rådgjeving, utleige av CFO og CEO tenester og div. andre tenester. Selskapet har seks tilsette som alle har høg kompetanse innan regnskap,rådgjeving og konsulenttenestar.
Kurs i økonomiforståelse
Jostein Aksdal (HVL) haldt kurs i økonomiforståelse
• Bruk av rekneskap som styringsverktøy
• Forstå samanhengen mellom resultat, balanse og betalingsevne
• Korleis kan ein sjå kan ein sjå faresignalene i tide?
• Kva tiltak kan ein iverksette for å betre økonomien?
Foto: Pål Solli Paulsen Bømlo Nytt
Liv Kari Eskeland
Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland avslutta møtet med å fortelja om skatt, rammebetingelsar, føreseielegheit og litt om det foreståande valet.