Frukostmøte hos LOS-Gruppen
Frokostmøte og kurs i KI/AI hos LOS Gruppen 28.04.25
Årets første frukostmøte vart arrangert i regi av LOS-Gruppen i Kunnskapssmio. Om lag 45 deltakarar deltok og fekk servert nydeleg frukost. Ragnfrid Sønstabø ønskte velkommen, før ho overlot ordet til Jakob Særsten, konsernsjef i LOS-Gruppen. Jakob Særsten heldt ein kort presentasjon om konsernet og vidare planar for utvikling. LOS-Gruppen har totalt 530 tilsette fordelt på 13 selskap, selskapet omsette i 2024 for over ein milliard og har som mål i 2025 å auke med 30 prosent. Oddgeir Alsvåg er dagleg leiar i LOS Elektro og han fortalte om blant anna Sotra Link og om alle dei andre områda og prosjekta LOS Elektro er involvert i.
Endre Eidsvik, CEO i Zinus, avslutta LOS-Gruppen sine presentasjonar i frukostmøtet. Zinus har sidan oppstarten i 2018 gått frå å vere eit gründer selskap til å ta ei leiande rolle nasjonalt og internasjonalt når det gjeld landstrømanlegg. Selskapet leverer ulike ladeløysingar tilpassa ulike fartøy, og dei har store ambisjonar om å vekse vidare.
Jakob Særsten og sonen Terje Særsten.
Spinnvilt og er KI farleg?
Siste del av frukostmøtet var viet til ei grunninnføring i KI/AI ved Iteam sin eigen ekspert på kunstig intelligens, Gaute Lund. Det vart ein interessant time fullpakka med nyttig info, litt skremmande å høyre kor fort utviklinga går.Copilot er veldig nyttig viss du brukar Microsift 365/Office mykje. Det er utruleg viktig for bedriftene å implementere KI/AI slik at ein er oppdatert og følgjer med i utviklinga. Viktig at alle tilsette også lærer seg å bruke dette utrulege verktøyet.
Dagen vart avslutta med eit eige kurs for dei som hadde meldt seg på, som gjekk litt djupare inn i KI/AI-verda.
Gaute Lund fra Iteam heldt kurs og foredrag om AI/KI