Frukostmøte hos Kulleseidkanalen Gjestehamn
Årets andre frukostmøte vart halde på Kulleseidkanalen Gjestehamn, der over 50 deltakarar samla seg i vakre omgjevnader. Dagleg leiar i næringsrådet, Ragnfrid Sønstabø, ønska velkomen og informerte om komande arrangement i regi av næringsrådet. Resultata frå medlems-undersøkinga sendt ut av Næringsalliansen i desember 2025 vart presenterte, og 30 bedrifter frå Bømlo hadde svart. Dette gir eit godt innblikk i korleis 2025 har vore og kva forventningar ein har til 2026. Resultatene er sendt ut på mail til alle våre medlemmer.
Haaheim Gaard + +
Medan deltakarane kosa seg med ein nydeleg frukost frå buffet, delte Espeværingen Torstein Hatlevik historia om korleis han har bygd opp merkevara Haaheim Gaard. Då han kjøpte den gamle garden, hadde den stått tom i 20 år. På desse 20 åra har han lukkast med å gjere Haaheim Gaard til ein av dei mest populære overnattingsstadene på Vestlandet. Torstein har overtatt og restaurert den gamle handelsstaden E.H Vaage Landhandel på Uggdal. Der driv han sjokoladefabrikk og ein liten lunsj restaurant på kaien ,nytt av året er badstue. Ein gamal tollkryssar som han skal frakte passasjerar med, ligg nå i Sagvåg for restaurering. Som om ikkje dette er nok driv han saman med søstrene sine sesongresturanten Gamleposten på Espevær.
Kva skal til for å lukkast som reiselivsbedrift?
For å vekkje interesse og bli vald som samarbeidspartnar, peiker Torstein på viktigheita av å satse på ein tydeleg identitet og på berekraft, gjenbruk og det særeigne. Haaheim Gaard er synleg på sosiale medium og har fått omtale i store reiselivsmagasin og hos turoperatørar. Dei deler gode historier og visuelt materiale med samarbeidspartnarane, nyttar alle nettverk til å snakke kvarandre fram og sender gjester til kvarandre på Tysnes. Å selje kvarandre og jobbe saman mot felles mål er avgjerande, understrekar Torstein.
Torstein Hatlevik, engasjert
Foto; Zpirit v/Rune Skjærvold
Investeringar og utvikling av Kulleseidkanalen Gjestehamn
Økonomisjef i Fylkesnes Fisk, Marius Økland, fortalde om investeringane familien Fylkesnes har gjort sidan dei overtok verksemda i 2019. Omsetninga har auka kvart år, og dei nærmar seg no lønsam drift. I 2025 vart det servert heile 15 000 middagar. Selskapet ventar på at kommunens arealplan skal ferdigstillast før dei gjer nye investeringar. Til slutt fekk frukostgjestene ei omvising i dei flotte nye hotellhyttene og på den nye båten, som er godkjent for inntil 12 passasjerar. På Kulleseidkanalen Gjestehamn ser ein verkeleg kva lokalt eigarskap har å bety for lokalsamfunn og for kommunen.
Marius Økland held eit flott foredrag.
Foto; Ragnfrid Sønstabø