Frukostmøte om totalberedskap hos Bømlo Brann og redning.
Lokalt næringsliv samla for å styrke
samfunnstryggleiken
På årets første frukostmøte, arrangert av
Bømlo Næringsråd saman med Bømlo kommune, samla 38 engasjerte deltakarar seg frå ulike delar av næringslivet på nye brannstasjonen til Bømlo brann og redning. Temaet var beredskap og korleis kommunen, næringslivet og innbyggjarane kan vere best mogleg rusta til å handtere kriser og uventa
hendingar.
Interessante foredrag om ulike sider av beredskap ga ei lydhøyr forsamling
Beredskapsrådgjevar Bente Ovesen innleidde
møtet med å fortelje om kommunen sitt arbeid med beredskap. Ho la vekt på at Bømlo, med sine 12 500 innbyggjarar fordelt på øyar, har særlege utfordringar knytt til ekstremvêr, ulukker og mogleg stenging av bru og ferje. Kystlinja er lang og skipsleia er tidvis svært trafikkert, noko som gjer samfunnstryggleiken ekstra viktig.
Beredskapsrådgjevar i Bømlo Kommune Bente Ovesen opna frukostmøtet med sitt innlegg.
Ovesen påpeika at me må førebu oss på meir
ekstremvêr, brustenging, straumbrot og andre truslar – alt kan skje. Ho minna om dei to store brannane i 2025, i Siggjarvåg og på Viergo, og understreka kor viktig det er å ha gode planar og øve jamleg. Samstundes kan ein aldri førebu
seg på alt, og fleksibilitet er avgjerande.
Politistasjonssjef Odd Harald Hovland gav
deltakarane ei grundig innføring i totalberedskaps-meldinga og arbeidet med ein langtidsplan for sivil beredskap i politiet, som vart starta opp i 2025. Han
gjekk òg gjennom NATO sine sju krav til medlemslanda, og forklarte korleis Noreg si strategiske plassering krev at me er budde på ulike scenario, inkludert krig.
Odd Harald Hovland satt tett på beredskaps-arbeidet da han var stortingsrepresentant og sat i justiskomiteen i forrige stortingsperiode, han talte for ein lydhør forsamling
Norge oppflyyer Nato's 7 krav, iflg Odd Harald Hovland
Ordførar Morten Helland informerte om
kommunen si rolle i krisesituasjonar. Han understreka at det er viktig å spreie informasjon effektivt til næringsliv og innbyggjarar, og å sørgje for godt samarbeid mellom lokale aktørar. Kommunen har etablert eit kommunalt beredskaps-råd, der representantar for kommune, næringsliv, heimevern, politi og frivillige deltek. Det er planlagt to møte årleg i rådet for å styrke beredskapen ytterlegare.
Brannsjef Ove Halleraker i Bømlo Brann og redning fortalte om dei ulike oppdraga dei har som førstelinjeteneste i kommunal beredskap. Bømlo brann og redning hadde 227 utrrykninger i 2025, av dei var 53 oppdrag helserelatert. På brannstasjonen er der nå 5 heile stillinger, brannsjef,leiar beredskap, leiar forebyggjande og to brann førebyggjerar og ein lærling. Bømlo brann og redning er dimensjonert etter krav om lov og forskrift fra DSB basert på antal innbyggjerar i kommunen. Kommunen har forutan i sentrum ubemanna brannstasjonar på Moster, Langevåg og Espevær, med deltidsstillingar tilhøyrande dei ulike stasjonane. Frukostmøtet vart avslutta med ei omvisning på brannstasjonen.
Ein engasjert Brannsjef Ove Halleraker fortel om arbeidet i Bømlo brann og redning.
Møtet gav deltakarane nyttig innsikt i korleis både offentlege og private aktørar kan førebu seg på kriser og styrke samfunnstryggleiken på Bømlo. Det vart oppfordra til å tenkje ut ein plan B, både for bedrifter og innbyggjarar, slik at ein står betre rusta om noko uventa skulle skje.