Frøken Fryd

bilde

På Moster, vegg i vegg med Olsahuset, finn me blome- og interiørbutikken Frøken Fryd. Dåverande sveibu med røter frå Bømlo, Åse Marie Løkling, var komen til eit punkt i livet der ho ønska seg ut i arbeidslivet igjen, etter ei tid heime med born. – Det viste seg at det var ikkje så lett å få jobb når ein vore utanfor arbeidslivet i periodar. Men då eg såg at butikken var til sals, slo eg berre til og kjøpte meg min eigen arbeidsplass.

I butikken arbeider ho, mora Berit, Mari og Hildegard. Til saman utgjer dei 1,5 årsverk. Mari er gartnarutdanna, elles er det ingen som har noko formell utdanning innan det dei driv med. – Men me er kreative sjeler som løyser oppgåvene våre saman, og har funne vegen hit medan me gjekk. Det har vore ei kjempekjekk reise til no, og me gler oss til reisa vidare, fortel Løkling med eit smil.

Kreativitet og kundeservice i fokus

Sjølv er ho utdanna kokk, med generell studiekompetanse. Ho arbeida som ringevikar i barnehage fram til ho fekk born, og har vore heime med dei samstundes som ho i periodar har arbeidd innan ulike næringar som forsikring, drosje, bakeri, handel, reinhald og renseri. – Eg har ikkje akkurat kjeda meg opp gjennom for å seie det slik. Blant anna laga eg ei strikkedagbok for nokre år sidan, som hjelper dei som strikker til å halde orden på prosjekta sine. – Eg er kreativ av natur, og har alltid likt alt av handarbeid, frå strikk til perling, saum og så vidare. Det å få jobbe med blomar var heilt nytt for meg, men eg har lært etter kvart, og trivs fantastisk godt med dette arbeidet. Eg rett og slett blomstrar når eg er på jobb, ler Løkling.

Frøken Fryd sine kundar er alt frå folk som svingar innom for å kjøpe ein blom eller gåve til ulike anledningar, folk som er innom posten og kjøper med seg noko på vegen, eller folk som skal ha garn eller anna strikketøy. – I tillegg leverer me blomar til bedrifter, gravferder, og arrangement av ulikt slag. Me har òg avtale om stell av gravplassar på kyrkjegarden på Moster, på oppdrag for folk som ikkje kjem seg hit. Og så har me blomeutlevering til heile kommunen, og på Stord, fortel Løkling.

– Eg elskar å jobba med folk. Det å ha kundar å snakke med er noko av det kjekkaste eg veit. Her på Moster blir ein kjent med kundane, og det er ein viktig møteplass for dei som bur her. Mange av dei same kjem att, og eg set pris på kvar og ein av dei, fortel Løkling. – Me hjelper òg kundane våre å bestille blomar andre stader i landet. Ikkje alle synes det er like enkelt å gå inn på nett å bestille ein blom til nokon ein annan stad i landet, så då kjem dei innom oss, og så gjer me bestillinga for dei, fortel Løkling.

Då koronaen stengde landet

Då Åse Marie Løkling overtok butikken 1. mars i fjor, var det ikkje i tankane at landet skulle stenge ned berre 12 dagar seinare. – Det var eit sjokk. I starten våga eg ikkje ha folk på jobb, for eg visste ikkje om eg kunne betale ut lønn, og det var jo heller ingen kundar innom. Folk som skulle hente ting på posten, ropte berre inn hentekoden, og så sette eg pakken på skranken, og så var det rett inn og rett ut igjen. Det var heilt surrealistisk. Men så heiv me oss rundt og såg etter løysingar, og starta med gratisutleveringar av blomar og andre varer. Folk i bygda stilte opp og handla, og me fekk gang på butikken. Det sette me stor pris på, fortel Løkling.

I august 2020 opna ho ein avdeling på Gardsenteret i tillegg. – Eg har fått ein fin butikk der òg, med fleire tilsette, og trivs veldig godt med den nye arbeidssituasjonen min, seier Løkling. – Eg er oppteken av å skape gode arbeidsmiljø på begge butikkane mine, og me har det sosialt og kjekt i lag både innanfor og utanfor opningstidene. – Førre veka hadde eg med dei tilsette frå Haugesund til Bømlo, og så hadde me juleverkstad på butikken på Moster, med gløgg og peparkaker. Slikt er kjekt.

Strikkekafé og julemarknader

Familien flytta frå Sveio til Haugesund i juli i år. Fokuset på butikken på Moster blir ikkje mindre for det. – Frøken Fryd arbeider med å utvide møteplassen på Moster, og gjere den meir tilgjengeleg for fleire. No har me starta strikkekafé annakvar torsdag i samarbeid med kafeen. Der møter 10-12 strikkeglade personar for kaffi og sosialt samvær, fortel Løkling. – Me er oppteken av å vere med å utvikle nærsamfunnet, og bidra tilbake til dei som er og handlar hos oss. Når folk treng premiar til basarar og julekalenderar, så stiller me med dette så langt det lar seg gjere. Og i staden for å kaste blomar som har blitt for gamle til å selgje, gjer me dei til Teiglandshagen, slik at dei som bur der kan ha friske og levande blomar rundt seg.

No når tida går mot jul, skal Frøken Fryd delta på fleire julemarknaden. Først ut er i Moster Amfi og i Haraldshallen, Så er det fleire marknader på Stord, Vormedal og Tveit. – Me deltek på desse marknadene for å vise oss fram, vise at me kan, og så er det jo både koseleg og kjekt. I tillegg treff me andre bedrifter, og av og til får me til samarbeid med andre, og det har me opplevd at kan komme mykje godt ut av, seier Løkling til sist.

Og med det takkar Bømlo Næringsråd for kaffien med nok ei driftig medlemsbedrift innan handel og service.

Sjå alle nyhende