Framtidsretta satsing på tekologi gjev resultat for SMART automation

bilde
Foto: Fra venstre; John Kåre Torkelsen, dagleg leiar og Rigmor Lønning,leiar for prosjektavdelinga. Foto: Sverre Meling

Med teknologi i ryggraden.

SMART Automation har etablert seg som ein
sentral aktør innan automatisering og teknologiske løysingar på Bømlo. Selskapet utmerkjer seg ikkje berre gjennom innovative løysingar til industri og maritim sektor, men også ved å ha ei leiing der 50 % er kvinner.
Dette viser at det er fullt mogleg å kombinere høgteknologisk utvikling med sosial berekraft og likestilling, noko som ligg til grunn for verdiane til
selskapet.

Spesialtilpassa automasjonsløysingar

Med spesialtilpassa automasjonsløysingar
til alt frå servicebåtar for havbruk, bløggebåtar, tradisjonelle fiskefartøy og offshorebåtar, har SMART Automation bygd opp eit breitt og fleksibelt
kundespekter. Selskapet er kjent for å vere løysingsorientert og tett på kunden sine behov, og har gjennom fleire strategiske samarbeid og utviklingsprosjekt markert seg som ei framtidsretta og lokalt eigd bedrift.

Eit godt døme på selskapet si innovative
tilnærming er samarbeidet med Progreen (Fitjar), der SMART Automation har levert ei komplett hybrid elektrisk framdriftsløysing til arbeidsbåtar for
oppdrettsnæringa. Målet har vore å utvikle eit driftssikkert og effektivt konsept som gir betydelege innsparingar på drivstoffbruk. Løysinga er skalerbar
og kan tilpassast ulike fartøystorleikar, og den store batteripakken gir både fleksibilitet og ekstra kraft ved tunge operasjonar. Dette bidreg til redusert
forbruk og auka berekraft, fortel  leiar for prosjektavdelinga og medeigar i selskapet, Rigmor Lønning.

Selskapet skal no levere same løysing som
dei leverte til Frøy Ocean på to nye skip som er under bygging i Kroatia og
Polen.

Nokre av fartøya som Smart Automation har levert automasjonsløysingar til.

Synleg i Bømlasamfunnet

SMART Automation er også synleg i Bømlosamfunnet mellom anna gjennom deltaking på arrangement i regi av Bømlo næringsråd, som Heim igjen, Yrkesdag og Utdanningsmessa på Stord. Rigmor Lønning understrekar kor viktig det er å vise fram moglegheitene som finst i
lokale bedrifter, deltakelsen på slike arrangement er viktig for å rekruttere arbeidskraft og få Bømlo ungdommen til å flytte heim att.


Sjå alle nyhende