Framtidas havbruk vert utvikla på Bømlo

bilde
Foto: Foto; Scale aq. Det skjer store ting på Moster om dagen.

Kva skal til for å utvikle framtidashavbruksnæring? Det og mykje meir får du høyre meir om når Ståle Ytrøy frå ScaleAQ kjem til Bømlakonferansen 17. september. 

ScaleAQ er ein av dei leiande leverandørane til havbruksnæringa, og har dei siste åra hatt sterk vekst på Bømlo. No utvidar selskapet produksjonsområdet sitt for å skape rom for både auka aktivitet, nye produkt og meir sirkulære løysingar. 

På konferansen vil Ytrøy gi eit innblikk i korleis selskapet arbeider med innovasjon, berekraft og framtidsretta teknologi i ei næring i rask utvikling. Han
vil også dele erfaringar frå vekstreisa på Bømlo og peike på moglegheitene som
ligg framfor både næringa og regionen. 

Kva ligg bak satsinga? Kva utfordringar og moglegheiter ser dei framover? Og korleis kan Bømlo vere med på å forme framtidas havbruk?

Det får du høyre meirom på Bømlakonferansen 17. september.

Meld deg på her;

https://www.bomlonr.no/hendingar/bomlakonferansen-2026

Foto; Scale aq, det er store dimensjonar på dagens oppdrettsanlegg, no skal dei starte med granulering og resirk av gamle oppdretts merdar, fortel ein engasjert Ståle Ytrøy.

Relaterte bedrifter