Frå utanforskap til arbeid: Basen gir folk ein ny start
Arbeid er målet. Meistring er vegen. Relasjonane er fundamentet.
På Basen på Svortland får folk prøva seg i ekte arbeid. For mange blir det starten på vegen vidare til jobb, utdanning eller læreplass. For andre handlar det først om å få ein plass å gå til, møta folk og oppleva meistring.
Då Ola Svenneby, nestleiar i Høgre, vitja Bømlo saman med lokale og regionale politikarar og næringsrådsleierar, fekk delegasjonen sjå korleis arbeidsinkludering skjer i praksis. På Basen handlar det om å møta opp, få ansvar og oppdaga eigne ressursar gjennom reelle arbeidsoppgåver.
Eit døme er Marcus, som hadde vore utan arbeid i to år før han kom til Basen. Der fekk han både nye venner og større tru på seg sjølv. I dag arbeider han hos Nesseplast. Hadde eg ikkje byrja på Basen, hadde eg truleg vore arbeidsledig og heime åleine, fortalde han.
Basen er Bømlo kommune sitt arbeids- og avklaringstiltak ved Nav. Avdelingsleiar Joan Hansen meiner arbeidsevna best blir avklart gjennom arbeid. Deltakarane får reelle oppgåver, samtidig som dei tilsette får tid til å bli kjende med kvar enkelt og finna rett veg vidare.
Tilbodet er i dag langt breiare enn då det starta i 2011. Deltakarane kan vera unge som har falle ut av skulen, personar med psykiske helseutfordringar, langtidsledige eller flyktningar som skal inn i norsk arbeidsliv.
For ukrainske Dmytro blei Basen ein veg inn i både arbeidslivet og det norske samfunnet. Gjennom dagleg arbeid lærte han norsk, før han gjekk vidare til jobb og seinare offshorearbeid.
Både Servogear og Nesseplast er døme på verksemder som har opna døra for deltakarar frå Basen. Både næringslivet og næringsråda peikar på at fleire bedrifter må vera med dersom fleire skal få ein reell sjanse i arbeidslivet.
Dagleg leiar i Bømlo Næringsråd, Ragnfrid Sønstabø, framheva at styrken til Basen er den låge terskelen. Når folk står i fare for å falla utanfor, kan rask hjelp og aktivitet vera avgjerande.
I 2025 var 33 personar innom tiltaket. Fleire gjekk vidare til arbeid, utdanning eller andre arbeidsretta tiltak. Men ifølgje Joan Hansen fortel tala berre ein del av historia. Like viktig er dei som finn att trua på seg sjølve, lærer språk, skaffar seg nettverk og tek dei første stega tilbake til arbeidslivet.
Relaterte bedrifter