Frå gardstradisjon til unike naturopplevingar
Med fullt booka stormhytter, ungdommar i arbeid og store planar for vidare utvikling, ønskjer Stormhyttene å skape opplevingar som løfter fram historia, naturen og
moglegheitene på Bømlo.
– Eg likar å kalle meg ein gründerbonde. Eg er bonde, men eg likar også å skape ting, forteldrivaren bak Stormhyttene.
Ein nøgd og opplagt gardseigar viser næringsrådet rundt på den historiske garden.
På garden der Sindre Larsen sjølv har vakse opp, har det vore gardsdrift gjennom generasjonar. Utviklinga av Gullvegen starta i 2017, med eit mål om å tilpasse garden som ein besøksgard. I dag driv Sindre vidare saman med Runa Alvsvåg Folgerø, med husdyrhald og eit sterkt ønske om å ta vare på det ekte livet på landet.
– Vi driv litt på den gamle måten. Vi prøver å halde på eit tradisjonelt liv, samtidig som vi
utviklar nye moglegheiter basert på historia og det unike vi har her.
Stormhyttene har blitt ein viktig del av reiselivet på Bømlo
Det største driftsområdet i dag er Stormhyttene, som vart lansert i 2022. Hyttene har fått
stor merksemd, og sommarsesongen er no heilt fullbooka.
– Vi er veldig nøgde med utviklinga. Vi hadde eit toppår i fjor, og vi ser at folk kjem gjennom heile året. Naturen spelar sitt eige spel, og kvar årstid gir ei heilt eiga oppleving.
Stormhyttene vart utvikla med eit ønske om å tilby noko meir enn berre overnatting. Gjestene får oppleve litt luksus, men samtidig får dei være tett på naturen. Det handlar om å skape den gode kjensla og ta vare på kunden slik at dei ønskjer å kome tilbake.
Målet er å skape ei heilskapleg oppleving der historie, natur, aktivitetar og lokal mat spelar saman.
– Vi er bortskjemde her på Bømlo. Vi ønskjer å trekke ut byfolk og gi dei moglegheita til å oppleve dette, men også skape gode ferieopplevingar for dei som bur lokalt.
Gir ungdom moglegheita til å utvikle seg
Ein viktig del av verksemda er satsinga på ungdom og unge arbeidstakarar. Gjennom året får fleire ungdommar erfaring med klargjering av hyttene, vertskapsrolla og kundekontakt.
– Heilt sidan oppstart har vi hatt ungdommar inne. Dei har fått moglegheit til å kome inn og jobbe når det passar dei, ved sidan av studiar og andre aktivitetar.
I dag består teametav fleire ungdommar i rullering, i tillegg til ein fast administrativ ressurs. For Stormhyttene handlar dette om meir enn arbeidskraft. Gullvegen ønskjer å
vere ein bedrift som skapar ein fin arena for ungdommar og som kan gi dei ein
god referanse vidare. Det viktigaste er at dei tilsette har interesse, lyst til å lære og ønskjer å ta vare på dyra og gjestene våre. Sindre trekkjer fram dei tilsette som ein viktig del av suksessen.
– Dei er med og sel opplevinga. Dei er venlege, dei gjer ein fantastisk jobb og er blant dei
viktigaste ambassadørane våre.
Planar for framtida
Ved sidan av reiselivet held garden fram med tradisjonell drift med sau og storfe, mellom
anna skotsk høglandsfe. Kombinasjonen av landbruk og reiseliv gir mange moglegheiter. Ambisjonane for framtida er store. Planen er å utvikle fleire Stormhytter og skape fleire aktivitetar og opplevingar rundt garden.
– Første prioritet er å få fleire hytter, men vi ønskjer også å lage tilleggstilbod og arrangement for dei som kjem hit.
Stormhyttene arbeider mellom anna med prosjekt knytt til kulturhistorie, aktivitetar og
digitale verktøy, i samarbeid med lokale aktørar. De ønskjer å kople saman historie, aktivitetar og lokal mat slik at gjestene får ei komplett oppleving.
Eit lite fyrtårn for Bømlo
For Stormhyttene handlar satsinga om meir enn å fylle eigne hytter. Ambisjonen er å vere ein positiv drivkraft for reiselivet på Bømlo og bidra til at fleire får auge på alt øya har å by på.
– Lykling er ein plass mange kanskje berre køyrer forbi. Vi ønskjer å gi folk ein grunn til å
stoppe opp, oppleve området og sjå kva Bømlo faktisk har å tilby.
Målet er å skape ringverknader for lokalt næringsliv og bidra til at fleire tilreisande besøker kommunen. De ønskjer å vere ein del av eit større reiselivstilbod og vere med
på å løfte heile regionen.
Med mange nye idéar og eit sterkt utviklingsdriv ønskjer Gullvegen å byggje vidare på den positive utviklinga. Målet er å skape fleire opplevingar, styrkje reiselivet og bidra
til aktivitet og verdiskaping på Bømlo i åra som kjem.
Relaterte bedrifter