Frå bilforhandlar i Tyskland til bilverkstad på Bømlo

bilde
Foto: André og Sylke Baumbach er inne på eigarsida, og driv Moster Bil. Foto: Randi Olsen.

1. desember 2008 begynte tyske André Baumbach som slipeoperatør hos Servogear AS. I dag er han teamleiar for maskinerings/slipeavdelinga der, medan kona Sylke driv butikken i Moster Bil AS.

Det vil seie, André er også engasjert i bedrifta på Moster, der han er medeigar i 50 prosent og har det merkantile ansvaret. Men korleis hamna det tyske ekteparet frå midt i tjukkaste Tyskland på vesle Bømlo på vestkysten av Norge?

Det starta med èin ferie på Bømlo, som vart til fleire. – Etter kvart fekk me eit nettverk her, med mange gode venner og kjende. Dei kom også på besøk til oss i Tyskland, fortel André Baumbach. Han og kona Sylke kjem frå det tidlegare austtyske området Thüringen, det såkalla grøne hjartet i Tyskland. Der dreiv han som bilforhandlar og Sylke dreiv ein gåvebutikk . – Våre norske venner såg at eg levde eit særs hektisk liv, med blant anna lite familie- og fritid. Dei lurte på korleis livet mitt var, og lokka med ordna arbeidstid og meir fritid dersom me kom til Norge og Bømlo. Eg var ikkje berre oppteken av jobb, men hadde også frivillige verv i tillegg, mellom anna i ein fiske- og fotballklubb, fortel han.

Etter kvart førte dette til at André tok livet opp til revurdering. Han er utdanna automatikar, så muligheten for jobb på Bømlo var der. Men sidan han vaks opp i dåverande Aust-Tyskland, var han mellom anna uroleg med tanke på språket. Dei lærte lite eller ikkje engelsk på skulen, det var tysk og russisk (plikt) som gjaldt. – Men så fekk eg ein SMS frå ein venn på Bømlo, at dei hadde behov for slipeoperatør. Dette var før slipinga av propellvengjer vart automatisert, så alt jobben vart gjort manuelt. Eg tenkte fast arbeidstid, meir fritid, og betre livskvalitet, og var så heldig at eg fekk bruke ei ferieveke til å teste ut jobben.

Første desember 2008 starta eg så for å bruka desember og januar til å sjå korleis det gjekk, og her er eg framleis. No som teamleiar for maskinerings/slipeavdelinga, seier han med eit smil. Kona Sylke kom til Bømlo i 2009, og dei kjøpte etter kvart huset dei leigde i byrjinga. – Så var det jo slik at me hadde ein stor vennekrets i Tyskland, som gjerne ville komme på besøk, og slik hamna me litt i reiselivsbransjen her også. Me kjøpte og pussa opp feriehus som me kunne leige ut til dei som kom.

André fortel vidare at turistane er også interesserte i å kjøpa suvenirar med seg heim, og at dei køyrde både til Ølen og Haugesund for å handle særnorske ting å ta med seg. – Det burde vera unødvendig, kvifor ikkje selja suvenirar på Bømlo og Moster? Me var på leit etter eit lite butikklokale der me kunne ha eit lite utsal, seier han. - Og så kom tilbodet, i 2020, midt under den strengaste pandemitida, fekk me tilbod om å kjøpa oss inn i Moster Bil AS.

André Baumbach seier at dei tenkte seg nøye om før dei slo til, vurderte potensialet som dei meinte låg i verksemda. At det var eit lite butikklokale som fylgde med, talde litt i positiv lei. Dei takka ja til tilbodet, og eig i dag 50 prosent av bedrifta. – Me gjekk nesten med ein gong i gang med å rusta opp butikken og modernisera verkstaden. Me har også planar for vidare drift og utviding, utan at eg kan seia så mykje om det no. Her er ein del ting som må på plass før me ser om det let seg realisera, forklarar han. – Til dømes er det mange ting me ikkje har kontroll over sjølv, som straumprisar til dømes. Me merkar det alt i dag, og har gjort tiltak for å redusera straumutgiftene. Mellom anna har me skifta til ledlys, me har sett inn tidsur på enkelte lyskjelder, me har kjøpt inn mindre kompressorar til dekkluft-kompressoren, som ikkje treng å stå på heile døgeret.

– Eitt tilnærma heilt årsverk må sparast inn i verksemda for å klara dei auka straumutgiftene. Me ser også ein nedgang i 2022 i omsetnaden på butikken vår. Me vurderer å endre opningstidene i helgene når det gjeld vintersesongen. Me merkar at kundane er meir bevisste på kva dei brukar pengar på, og då er ikkje butikken på Moster Bil høgt prioritert, seier han. Baumbach registrerer også at dyktige fagfolk, mekanikarar blant andre, reiser tilbake til heimlanda sine fordi levekostnadene her i landet har auka, mat, drivstoff, straum osb. I tillegg kjem den nye vegen forbi døra deira som også vil påverka dei på ein eller annan måte.

Men André Baumbach er optimistisk med tanke på framtida. Både mostringar og andre er flinke til å støtta opp om bedrifta, seier han. Og sjølv om han ikkje har like mykje fritid i dag som han såg føre seg til å begynna med, så har han tru på at vinden vil snu. – Me må vera optimistiske og gjera det beste me kan ut av den tida me lever i. Det nyttar ikkje å setja seg ned og venta på at ting skal gå over, me må stå på, slår han fast.

Per i dag er Moster Bil AS på jakt etter dyktige bilmekanikarar med fagbrev det er berre å søkje eller kontakte oss direkte, oppmodar André Baumbach.

Sjå alle nyhende