Frå 5 til 30 på fire år

bilde
Foto: Randi Olsen. Tor Gjøsæter (t.v.) og Mikael Lindberg.

I 2018 vart systemutviklingsselskapet Ilder starta, dei var fem tilsette som jobba med utvikling av software og hadde kontor på Stord. I dag er dei 30 tilsette og driv globalt, med tilsette på ulike lokasjonar rundt om i verda. Hovudkontoret er på Internett.

Det starta på ein måte på føden. CXO i Ilder, Tor Gjøsæter, var blitt pappa og den nye verdsborgaren skulle ha mat. Gjøsæter har tidlegare fortalt til Bømlo-nytt at kona fekk ein bunke skjema som skulle
fyllast ut i samband med amminga, kva side, kor mykje, kor ofte osb. Med doktorgrad i informasjonsvitskap frå studier i Bergen, fann Gjøsæter snart ut at det ville vera mykje meir hensiktsmessig og langt enklare med ein app på telefonen, og vegen var ikkje lang frå idé til appen var i boks. Dette var i 2014. Etter kvart er den såkalla amme-appen kjend både i inn- og utland og er lasta ned av ei mengd ammande, særleg i Norge, Danmark og Tyskland, skreiv lokalavisa den
gongen.  

Gjøsæter såg føre seg at både denne og andre former for omsorgsteknologi ville komma for fullt i løpet av få år, og det fekk han rett i.

Eit IKT-utviklingsselskap tett på næringslivet i regionen

I dag er han leiar for design og front end-avdelinga for ei av dei største
systemutviklingsverksemdene på Vestlandet; Ilder. Dei har hovudkontor på Internett, og tilsette som jobbar for dei i ulike land. – Me er veldig
fleksible på dette med kontor. Me er ikkje avhengige av å ha ein fast
kontorplass for å møtast. Me har faste kontorplassar sentralt i Bergen og på Leirvik, men plar seie når folk spør om kor me har hovudkontoret at det har me på Internett då samhandling skjer på tvers av regionar. Me er 30 tilsette, med høg kompetanse på utvikling av ny software, mellom anna har me folk i Polen, Serbia og Bergen. 

Enkelt sagt hjelper Ilder bedrifter med å samhandla og fornya seg digitalt. Dei samlar inn «gammal» data-informasjon og legg den inn i og  byggjer opp nye og oversiktlege og varierte program for bedriftene. - Saman med kundane våre byggjer me skalerbare IoT-plattformer (sjå faktaboks), skreddarsydde for deira behov. Me er privilegerte som får jobba med unike forretningsmuligheter retta mot å utnytta den nye drivkrafta mot fornybar og rein energi. Me trur at nokre av utfordringane me står framfor akkurat no kan løysast ved å ta i bruk digitale verktøy på nye og innovative måtar, står det på heimesida til verksemda. 

Gjøsæter peikar på at dei har ein visjon som seier at dei skal bidra til bærekraft. – Me har til dømes takka nei til oppdrag som ville ført til meir forureining og større klimautslepp. Me vil vera med på det grøne skiftet og å jobba med fornybar energi. Me må vera framsynte og vera på, seier han. Difor er havbruksnæringa ein bransje han ser føre seg der dei kan bidra. Men også andre næringar, som byggjenæringa, er interessante for dei å utvikla program som kan hjelpa til mindre utslepp og ei meir berekraftig næring. 

Opplev Bømlo og Bømlo Næringsråd

Også Bømlo næringsråd har hatt god nytte av det innovative systemutviklingsselskapet. I 2020 vart nettstaden Opplev Bømlo etablert, og seinhaustes 2021 vart Bømlo Næringsråd si eiga nettside lansert. Det er Mikael Lindberg hos Ilder som er næringsrådet sin mann på dette. Han har henta og samla inn informasjon om medlemsbedriftene i næringsrådet, samanhalde det med informasjonen frå Opplev Bømlo og samordna alt til ein kanal der du kan finna informasjon på kryss og tvers av bransjar og bedrifter.

Austfoldingen Lindberg høyrde om Ilder via ei veninne, han er eigentleg
snikkarutdanna, men hadde vore litt borti IT tidlegare. Det begynte i det små, men balla fort på seg, og no har han 100 prosent fast stilling i firmaet. – Ja, målet er å samla denne typen kompetanse . Det starta på Bømlo, men eg såg også at det var eit IT-miljø på Stord, seier Gjøsæter.

Ei bedrift i sterk vekst

Verksemda har hatt ei rivande utvikling frå fem til 30 tilsette på fire år og ei dobla omsetting kvart år sidan 2019. – Det skal godt gjerast at det blir dobling i år, men me ligg allereie over budsjettet, seier CXO-en. 

Han tykkjer det er spennande å vera med å byggja opp IT-miljøet i Sunnhordland. – Eg håpar at når unge folk er ferdig IT- utdanna, som gjerne ynskjer seg heim til regionen, så vil her vera ein god, fast jobb til han eller henne her.

Gjøsæter er også godt nøgd med at IT-utviklarfaget har kome inn i den
vidaregåande skulen og at Stord vidaregåande har eit tilbod i dette faget. – Me skal ta inn ein lærling i IT-utvikling til hausten, det ser me fram til. Me håpar jo at vedkomande vil synast det er så spennande at han blir verande hos oss, eller at han utdannar seg og kjem tilbake. Me får sjå etter kvart, seier Tor Gjøsæter i Ilder.

Før me går må me høyre litt om kvifor Ilder? – Hehe, me er glade i dyr, dei fleste av oss her har vel kattar, trur eg. Og ilderen er eit lite leikent, smidig og litt hissig rovdyr som passar godt til oss. Veit du forresten kva ein gjeng ilderar er omsett til engelsk? Business…

Fakta, IoT

Internet of Things (IoT) er eit bransjeord som har svirra rundt i tech-verda dei siste åra. For dei fleste betyr IoT at ting i heimen er knytta opp mot internett, og kan levere data for å gjere kvardagen vår betre eller enklare. For bedrifter kan IoT bidra til meir straumlinjeforma produksjon, betre oversikt og meir data.

I definisjonen er IoT eit system av samanhengande databehandlingseiningar, mekaniske eller digitale maskinar, objekt, dyr eller menneske som er utstyrt med unike identifikatorar og evna til å overføre data over eit nettverk utan å krevje kontakt mellom menneske eller mellom menneske og maskin.

Ein ting i Internet of Things kan vere ein person med hjertemonitorimplantat, eit gårdsdyr med ein biochip-sendar, ein bil som har innebygde sensorar for å varsle føraren når dekktrykket er lågt – eller heilt andre naturlege eller menneskeskapte objekt som kan koplast til ei IP-adresse og bli utstyrt med evna til å overføre data over eit nettverk.

Kjelde: Azets

Sjå alle nyhende