Forsvarsseminar i regi av Atheno
I dag arrangerte Atheno forsvarsseminar på Stord, der mange bømlabedrifter var til stades. Seminaret samla næringslivsrepresentantar og innleggshaldarar som jobbar med og inn mot forsvaret for å snakke om korleis lokalt næringsliv kan bli ein del av framtidas satsing på forsvar og tryggleik.
Det skal investerast store summar i forsvarssektoren dei komande åra, og dette kan bli ein interessant marknad for fleire bedrifter frå Bømlo. Mykje av investeringane skal skje innan maritim sektor, med både bygging av Standardfartøy, vedlikehald på fregattar og ein gjenkjøpsavtale med Storbrittania.
Bømlo Næringsråd er tilgjengeleg for bedrifter som ønskjer å utforske desse moglegheitene dersom det er ønskjeleg. Me kan bidra med råd, nettverk og støtte i arbeidet med politisk involvering eller posisjonering inn mot nye marknader.