Folkefest da MS Aasvard vart døypt på Moster

bilde
Foto: Stolte eigerar, fra venstre; Aksel U. Johannessen, Torbjørn Torkelsen, Gudmor Monica Torkelsen Antun og Ole Martin Torkelsen her med siste tilskot i familien på armen.

I strålande sol vart MS Aasvard døypt på Moster, med hundrevis av frammøtte mostringar, musikk frå Moster skulekorps og stolte representantar frå både rederi, kommune og maritim næring.

MS Aasvard er det femte nybygget i ei rekkje på seks skip, alle bygde ved Royal Bodewes i Nederland. Aasen Shipping har no ei flåte på totalt 13 skip og om lag 230 tilsette.

Dagleg leiar i Aasen Shipping, Torbjørn Torkelsen, syntest det var stas å visa fram det flotte fartøyet til alle frammøtte. Det er ikkje kvardagskost med skipsanløp rett utanfor
rederikontoret. Mostringane møtte opp i hundretal, og Moster skulekorps spelte
under dåpen.

Torkelsen fortalde at Aasen Shipping sidan byggjeprogrammet starta i 2019, har investert to milliardar kroner i nye skip.Det sjette og førebels siste skipet i programmet vert levert i 2027. Rederiet fraktar seks millionar tonn årleg.

Foto; BN, Torbjørn Torkelsen , dagleg leiar i Aasen Shipping AS.

Lange maritime tradisjonar

Dagleg leiar Sverre Meling jr. i Maritimt Forum Vest trekte opp dei store linjene frå Olav Tryggvason gjorde strandhoggpå Moster i år 995, via Olav Haraldsson som knesette kristenretten på Moster i år 1024, og fram til i dag. Moster har gjennom historia hatt ei viktig rolle som sjøfarts- og handelsstad midt i leia.

Meling fortalde også om marmoreksporten på slutten av 1700-talet, då marmor frå Moster vart eksportert til kongens by København og brukt i ulike bygningar. Denne handelen var med på å leggja grunnlaget for fraktefarten på Moster.

Han nytta òg høvet til å løfta fram at Bømlo kommune er nominert til prisen som årets maritime kommune, på grunn av den store maritime aktiviteten i kommunen. Meling peika på at maritim næring på Bømlo står for 5,3 milliardar kroner i omsetning, og at 1642 personar er sysselsette innan maritim næring og industri. Det utgjer om lag 24 prosent av alle sysselsette i Bømlo.

Stolt ordførar frå heimbygda

Ordførar Morten Helland var nok litt ekstra stolt over heimbygda si og over Aasen Shipping. Han peika på dei lange og rike tradisjonane Moster har for fraktefart, og fortalde at det tidleg på 1960-talet var heimehøyrande 65 frakteskuter på Moster

Så å seia kvar familie hadde eit fraktefartøy, fortalde han. No er det Aasen Shipping, med sine 13 skip, som bertradisjonen vidare. Helland ønskte rederiet lukke til i framtida.

Gudmor ønskte mannskapet trygg ferd

Gudmor Monica Torkelsen Anthun heldt ein varm tale der ho takka for oppdraget, og fortalde kor stolt ho er over familien sin og alle dei tilsette i rederiet. Ho tala også til mannskapet på engelsk og ønskte dei trygg reise, gode arbeidsdagar og eit sterkt samhald om bord. Deretter kasta ho champagneflaska i skutesida med stor suksess og døypte MS Aasvard.

Foto; Odd Tore Sønstabø, Ei nydøypt skute forlot Mosterhamn 21.15 i går for lasting av stein i Halsvik til UK.