Fjordtinget 2023

bilde

Forrige veke var næringsrådet deltakar på Fjordtinget 2023 saman med leiarar, politikarar, forskarar og interresseorganisasjonar frå heile Vestland. Eit flott arrangement av Bergen Næringsråd i samarbeid med Lingalaks, der det blant anna vart diskutert korleis me kan legge til rette for ei berekraftig verdiskaping i regionen.

Turen starta frå Bergen, der me gjekk ombord i det erverdige seilskipet Statsraad Lehmkuhl. Første kvelden fekk me servert laks og utfordrande problemstillingar som vart diskutert i grupper, før me la oss i hengjekøyer som ekte toktmannskap.

Dag to våkna me opp i vakre Øystese, der sjølve Fjordtinget 2023 vart avheldt. Blant anna heldt Inge Halstensen innlegg om det verkeleg er behov for vestlendingane i 2023, og formueskatten rundt norsk eigarskap vart debattert blant bedriftseigarar og politikarar. I tillegg vart ulike strategiar for å skape ein sterk region lagt fram.

Etter tinget var det igjen ombordstigning i Statsraad Lehmkul, der me fekk bearbeidd inntrykka frå dagen med dei andre deltakarane. Fleire andre næringsråd i regionen var til stades, og det var fint å dele litt erfaringar og tankar på tvers medan me segla tilbake til Bergen.

Me sit igjen med mykje inspirasjon og tankar om vegen vidare, og ikkje minst har me knytta tettare band til samarbeidspartnarar og kollegaer i regionen. Tusen takk til Bergen Næringsråd, Lingalaks og Stiftelsen Statsraad Lehmkuhl for ei uforgløymeleg oppleving.

Sjå alle nyhende