Ein utypisk vidaregåande skule

bilde

- Det blir flyttesjau i vekene før jul, så er me klare til å starta undervisninga i nytt bygg i det nye året, seier konstituert rektor på Bømlo vidaregåande skule, Rebecca Hildebrandt-Paulin.

I år er det 50 år sidan den første gymnasklassen starta opp på Bømlo, som ein filialklasse under Stord Gymnas. Og etter 50 år er altså Bømlo vidaregåande skule og det som før var Rubbestadnes Yrkesskule, èin vidaregåande skule for Bømlo. – Ja, me er blitt ein flott vidaregåande skule for nær alle ungdommane i kommunen vår, fortel konstituert rektor Rebecca Hildebrandt-Paulin. – Me hadde gode søknadstal i år, og hadde ventelister på dei fleste klassane. Det var ein liten strek i rekninga at det nye forskingssenteret i Rubbestadneset ikkje var innflyttingsklart til skulestart, men no gler me oss berre til å ta i bruk dei nye lokala frå årsskiftet, seier ho.

Det blir flyttesjau i desember, og ja det blir mykje arbeid. – Men eit dyktig personale er allereie i gang med alternativ og opplegg for elevane våre i flytteperioden. Ein del utstyr skal flyttast frå lokasjon Rubbestadneset, men ikkje alt. Mellom anna skal det byggjast opp eit flunkande nytt digitalt motorlaboratorium, og naturbrukslinja skal også få si eiga avdeling, ein akvahall. Den vert truleg ikkje ferdig før til neste års skulestart, men det passar fint, når Vg2-akvakultur skal starta opp. Naturbrukslinja held til på lokasjonen Leite, opplyser Hildebrandt-Paulin.

Må bruke tilbodet

Ikring 60 tilsette og 380 elevar har sin daglege dont på Bømlo vidaregåande skule. – I år har me èin klasse på studiespesialisering, elles det som før heitte allmennfag. Dei er faktisk i mindretal blant elevane, og det er bekymringsfullt, seier konst. rektor, som forklarar at dette kan vera ei utfordring for fleire distriktsskular. Ho opplyser at det til dømes var fleire som hadde søkt seg til stud. spes. på Stord dette skuleåret og som angra seg og heller ville gå saman med venner på Bømlo. – Men me fekk ikkje oppretta ein ekstra klasse, seier ho. - Oppmodinga er klar til dei som vil gå studiespesialisering, søk på Bømlo. Ungdommane må bruke tilbodet, elles kan det forsvinna, seier ho.

Elevane er elles fordelte på helse- og oppvekstfag, naturbruk, teknologifag, elektro, maritime fag og automasjonsfag. I tillegg har dei ei rekkje programfag som elevane kan velje i.

Den konstituerte rektoren opplyser at Bømlo vidaregåande på ein måte er ein utypisk vidaregåande skule i og med at det ikkje er noka spesiell utfordring å få ungdomane til å søkje seg til yrkesfag. Det blir ikkje sett på som mindreverdig å gå på yrkesfag, heller tvert om. – Ein er stolt over å gå den vegen. Men det er ei utfordring for næringslivet å få tak i fagpersonale med høgare utdanning. Det er difor viktig at studiespesialiseringa vert med vidare, og at elevane søkjer seg dit også, seier Rebecca Hildebrandt-Paulin. – Næringslivet er også ein viktig part og aktør i dette, seier ho. Mellom anna skal næringslivet, via Bømlo næringsråd, i gang med eit prosjekt der dei skal hjelpa ungdommane inn på LinkedIn, eit sosialt medium som mellom anna har som misjon å skapa eit nettverk av fagfolk over heile verda.

Samlingspunkt

Som fleire andre vidaregåande skular, mellom anna på Stord, er Bømlo VGS også fordelt på fleire lokasjonar. – Er det vanskeleg å byggja fellesskapskjensla blant elevane som er plasserte så vidt langt frå kvarandre? – Den største utfordringa er nok logistikken, forklarar ho. – Men alle elevane er samla her på Leite ein dag i veka. Rett nok til ulike tider, men alle er innom her då. Det verkar som dei trivest i lag. Elles har me hatt eit par felles arrangement, og no er det snart tid for trafikksikringsdag, der alle skal samlast her på Leite. Då har me samarbeid med alle naudetatane og andre relevante etatar, og set fokus på trafikksikring, opplyser ho. Ho nemner også at det er blitt jobba medvite med å få til eit godt samarbeidsklima, mellom anna har dei søkt om, og fått, midlar til eit desentralisert kompetanseutviklingsprosjekt (Dekom-s-prosjekt). Midlane kjem via fylkeskommunen frå staten, og gjer at nokre av dei tilsette kan kjøpast frie for å jobba spesifikt med dette.

Naturbruk femner vidt

I år er første året naturbrukslinja er eitt av tilboda på Bømlo. 15 elevar utgjer klassen dette første året, med fleire på venteliste. – For elevane som slepp å reise til Austevoll å bu på hybel når dei er 16 år, er det fint, seier Hildebrandt-Paulin. Ho rosar oppdrettsbransjen og andre aktørar for godt samarbeid, i første omgang er det Fylkesnes Fisk AS, Fremskridt Laks AS, og Bremnes Seashore AS som er hovudsamarbeidspartnerar, men det vert jobba med å utvida denne lista. – Om kort tid skal elevane ut i praksis. Naturbruk er eit omfattande emne, det er ikkje berre hav og fisk sjølv om det er ei såkalla blå linje. Dei skal mellom anna innom både landbruksnæringa, dyrehald, gartneri og bruk av naturen før linja vert meir spissa mot akvakultur det andre året. Elevane i år har mellom anna vore til fjells på jakt, som ein del av undervisninga, fortel konst. rektor. Ho fortel at næringa alt har signalisert at dei vil stilla med læreplassar for dei som er kvalifiserte etter to års skulegang, og rosar næringa for god mottaking.

Spennande framtid

No ser dei alle fram til nybygget i Rubbestadneset skal takast i bruk. – Ja, det er spennande, vedgår ho. – Det er flott at både næringslivet lokalt og Vestland fylkeskommune støttar så bra opp om det nye bygget, og det er veldig spennande å sjå kva det kjem til å innehalda. Eg håpar alle ser dei mange moglegheitene med det fine bygget og at det kan bli til gjensidig nytte for alle involverte, seier Rebecca Hildebrandt-Paulin til slutt.

Sjå alle nyhende