Digitalisering og berekraft i kleshandelen

bilde

Ein kald novemberdag svingar Bømlo Næringsråd innom Kristian Husø Østensen, som er tredje generasjon Østensen som driv klesforretninga med same namn på Bømlo Storsenter. Over ein varm kopp kaffi på HiSio får me høyre meir om digitaliseringsarbeidet dei har drive med siste året, og tankar om framtida. – Me ønskjer at kundane våre vert enno meir bevisst på berekraft når det kjem til klede i året som kjem, og me vil vere ein støttespelar og leggje til rette for at dei skal kunne gjere gode val.

Digitalisering av ein gammal bedrift

Siste året har Østensen hatt eit større digitaliseringsprosjekt. Først digitalt rekneskap, så digitalisering av kassaapparat, og deretter nettbutikk. 16. november vart kundeklubben lansert, der kundane får bonus når dei handlar. – Netthandel var lenge ein utfordring for oss i klesbransjen, men me ser det meir og meir som ein moglegheit, seier Østensen. – Det har vore god respons på nettbutikken. Her er det i hovudsak folk frå andre stader i landet som handlar, og me har ein god kundemasse frå nord til sør. Me samarbeider med brandsonly.no, men salet går direkte frå ostensen.as.

Østensen har mange trufaste kundar på Bømlo, og synes det er kjekt at så mange bømlingar vel å handle hos dei. – Me merkar dessutan at handel frå nabokommunar er veksande, og i helgane opplever me at fleire frå Stord, Haugesund og Karmøy tek turen for å handle hos oss. Folk med hytter og rorbu på Bømlo har òg blitt viktige kundar, fortel Østensen.

Som andre innan handel og service på Bømlo, er Østensen oppteken av å gje attende til bømlingane litt av pengane dei legg att. – Me er stolt sponsor av kultur og idrett på heile øya, og bidrar med premiar eller pengar. Totalt brukar me om lag 100 000 kr i året på sponsing, og me har som hovudmål at tiltaka me sponsar skal vere retta mot born.

Ungdomsbedrifta

Butikken flytta frå Østensen-bygget til gamle Sams senter på slutten av 2019, og då fekk dei samla butikken på same golv. – Samlokaliseringa av bedrifta på eitt plan, har gjort butikkdrifta mykje rimelegare, i tillegg til at me har fått eit tettare og meir sosialt liv på jobb, fortel Østensen. Butikken har i dag 10 tilsette, der 7 arbeider fast, og 3 er innom i helgar og feriar, og elles ved behov. Til saman har bedrifta 6 årsverk.

– Me har alltid hatt ungdommar tilsett hos oss. Dei startar hos oss når dei går på vidaregåande, og er ofte heime og arbeider i helgar og feriar under utdanninga, fortel Kristian. – Me merkar og at det er stor etterspørsel etter deltidsjobbar for unge. Me hadde ute ei helgestilling no, og fekk over 50 gode søkjarar på denne.

Mange av dei som har jobba hos Østensen har fått seg arbeid i klesbutikkar ved studiestaden sin, og mange har brukt Kristian til referanse når dei søkjer sin første jobb etter fullført utdanning. – Ungdommane er kjempeflinke, og me har berre gode ord å seie om dei. Dei me er referanse for når dei søkjer jobb andre stader, ser me ofte at kjem på intervju og endar opp med jobben. I konkurranse med mange flinke folk, trur eg at kandidatar som kan vise til arbeidserfaring, vinn fram. Så slike deltidsjobbar som me innan handel og service kan tilby, er viktige døropnarar inn i arbeidslivet.

Berekraftige og rettferdige klede

Østensen samarbeider med ein kjede som heiter TexCon når dei handlar inn til butikken. – TexCon er eit forhandlarnettverk, som forhandlar fram gode prisar for kleda, der me mottek éin faktura sjølv om me handlar frå fleire leverandørar.

– Me er opptekne av berekraft når me handlar inn klede, men det er ikkje alt me som lita bedrift kan finne ut av sjølv. Difor samarbeider me med ein leverandør som hjelper oss med å velje ut sertifiserte klede, økologisk bomull, reine material som ikkje er iblanda syntetiske stoff, og som kvalitetssikrar at produkta er «fair trade». Og så prøver me å tilby meir klassiske og tidlause klede, heller enn å ha store mengder moteklede med kort horisont i butikken, fortel Østensen. – I butikken hos oss vert heller ikkje eitt einaste plagg kasta eller returnert. Det blir først lagt ut på sal, og går ikkje dette, så går kleda til ein hjelpeorganisasjon som driv bistandsprosjekt i Ukraina. – Me er stolte over at klede som me har fått frakta til Bømlo kjem i bruk, enten hos kundane våre, eller vidare til folk som treng det. Bømlo er stort sett siste stoppestad, noko som òg er bra i eit berekraftsperspektiv.

– I tida framover ønskjer me at kundane utfordrar oss enno meir på dette med berekraft og fair trade når dei handlar hos oss, seier Kristian til sist. – Me ønskjer at kundane våre vert enno meir bevisst på berekraftig når det kjem til klede i året som kjem, og me vil vere ein støttespelar og leggje til rette for at dei skal kunne gjere gode val.

Bømlo Næringsråd takkar for praten, og ser fram til å følgje Østensen vidare i åra som kjem.

Sjå alle nyhende