Det levande huset

bilde

Langevåg Bygdetun er storstova på Langevåg, og inneheld det meste av tenestetilbod eit samfunn treng. - Det er eit levande hus, fortel dagleg leiar Frode Urangsæter

Her er Spar-butikk, helsestasjon, legekontor, fysioterapeut, treningssenter 24/7, solarium, konferanselokale, kultursal, bygdakino, skytebane, ungdomsklubb, kafé, Haugesund Sparebank, bedriftshelseteneste, catering, kontorfellesskap, og nettbutikken Levia.no med butikkutsal. Det er i bruk heile døgeret, og her treff ein dei fleste i bygda om ein svingar innom i løpet av veka.Frode Urangsæter har vore dagleg leiar for Langevåg Bygdatun sidan 2013, og har med unntak frå eitt år, vore tilsett sidan 2007. Langevåg Bygdatun er eigd av det lokale næringslivet og bygdafolket, og det er nok nøkkelen til at bygget har blitt limet i lokalsamfunnet, eit levande hus og ein viktig møteplass for dei som bur her, og ein viktig støttespelar for næringslivet.

Tenestetilbydar lokalt

Bygdatunet, som det òg vert kalla, er nemleg ein sentral tenestetilbydar til lokalt næringsliv. – Me har kantinedrifta til Eidesvik Offshore og Bømlo skipsservice, og leverer reinhaldstenester til Bømlo skipsservice og LOS Elektro i Hovlandshagen. Me tek òg på oss å organisere overnatting for besøkjande til næringslivet, og har i periodar kontraktar med entreprenørar om drift av anleggsbrakker, og alt frå mat til reinhald. I tillegg sel me diesel i gjestehamna, og samarbeider med hamna i høve handsaming av betaling frå gjester, og tilset sommarvertar som driftar båt- og gjestehamn i sommarhalvåret.

Skape gode opplevingar

Det å skape gode opplevingar i lokalmiljøet, både for dei som bur her, og dei som kjem på besøk, er noko Langevåg Bygdatun er opptekne av. – Me arrangerer konsertar og festivalen «Kystsogedagane», og andre lokale arrangement, ofte i samarbeid med lag- og organisasjonar som til dømes idrettslag, kvinne- og familielaget, skyttarlaget, Bømlo teater, berre for å nemne nokon, fortel Frode.

- Me driv òg eit opplevingstilbod til sjøs på M/S Gå På. Skipet leiger me frå Bømmelfjord AS, og Bygdatunet står for booking og drift. No under koronaen har me hatt eit tilbod til dei på 65+ saman med Frivilligheitssentralen, der me har laga til ei kulturell sjøreise, der ein har fått opplevd alt frå prestegarden på Finnås, gullgruvene på Lykling, steinbrota på Hespriholmen, Espevær og meir til. - Dette med å få vist fram den stolte historia til næringslivet vårt, er noko me ønskjer å få til meir framover. I Sokkamyrå, bak Langevåg Bygdatun har ein funne gjenstandar frå ein 10 000 år gammal industriarbedsstad. Historia om Sokkamyrå ønskjer me å vise fram og fortelje i Langevåg Bygdatun, gjerne saman med historia vår frå fiskeri og skipsfart. Bømlo tur- og sogelag har i tillegg lagt ned mykje og godt arbeid rundt mange historiske attraksjonar dei driftar i bygda, og ser me nye tilbod i Bygdatunet saman med dette, vil det gjere Langevåg til ein attraktiv reiselivsdestinasjon, og vere med på å styrkje det samla reiselivstilbodet på Bømlo, og i regionen.

Trur på framtida

Det er i dag 16 tilsette ved Bygdatunet, fordelt på 9 årsverk. – Skal me klare å halde på og utvikle arbeidsplassane me har på Langevåg Bygdatun, er det ein føresetnad at dei som bur her og det lokale næringslivet brukar oss. Og det er dei flinke til. Me trur òg at den utviklinga som no skjer i næringslivet på Langevåg, vil vere med å utvikle Bygdatunet inn i framtida, fortel Frode. - I framtida skal me fortsetja med å vere det opne huset og den gode samlingsplassen, sikre eit best mogleg tilbod for folka som bur her, dei som flyttar hit og dei som kjem på besøk, og utvikle oss i takt med deira behov og ønskjer.

Sjå alle nyhende