Det er i Sunnhordland det skjer – store planar på Rubbestadneset 

bilde
Foto: Store utbyggingspaner i Rubbestadneset

Pressemelding fra LOS Gruppen;

Me vidareutviklar no Rubbestadneset for å styrkje den maritime klynga i Sunnhordland for framtidas forsvar og skipsfart. Planane ligg klare for ny dokk med tilhøyrande kaiar, lagar og næringsbygg.

Her er alle føresetnader til stades for å auke totalberedskapen i regionen, landet og Norden – og bli eit førsteval til reiarlag langs heile kysten.

På Rubbestadneset finn du i dag ei komplett maritim verdikjede, med skipsservice, vedlikehald og framdriftskompetanse i verdsklasse. LOS Marine, LOS Elektro og Wärtsilä Norway utgjer allereie eit sterkt og samansett miljø, med rask responstid, kort liggetid og tilgang på kritiske ressursar rett ved kai.

På toppen av eit 120 års industrieventyr tek me no neste steg, slik at me opprettheld posisjonen som ei av dei fremste maritime klyngene i landet.

Området er ferdig regulert til å kunne vidareutviklast med utvida ISPS-kai, ny dokk, meir landareal og betre fasilitetar for samtidige prosjekt. Me arbeider no for å få inn investorar og samarbeidspartnarar, slik at me kan styrke kapasiteten og støtte moderne forsyningskonsept og sikre ei endå meir robust og framtidsretta maritim klynge på Vestlandet.

Rubbestadneset skal vere ein trygg hamn for maritime investeringar. Vil du vere med på utviklinga?

Sjå alle nyhende