Bømlo Profil sikrar rammeavtale med Los Elektro AS

bilde

Pressemelding

Bømlo Profil sikrar rammeavtale med Los Elektro AS
16. mai 2025 – Bømlo Profil er stolte av å kunngjere at dei har inngått ein
omfattande rammeavtale med Los Elektro. Avtalen gjeld sal av arbeidsklede og
verneutstyr til Los Elektro, og markerer eit viktig steg i Bømlo Profil si
satsing i Sunnhordland.

Dagleg leiar Vegard Røsland uttrykkjer stor glede over avtalen: "Me har laga ei
pakke som møter alle behova til Los Elektro. Samarbeidet med Los Elektro har
alltid vore enkelt og positivt, og no knyt me oss saman og kan sjå lengre fram
i tid. Varene er allereie komne på lager, og me ser fram til å vere Los Elektro
sitt klesskap framover."

Inge Fylkesnes Tverborgvik, avdelingsleiar i Los Elektro avd. Sunnhordland,
deler sin entusiasme: "Me er svært fornøgde med denne avtalen. Å ha stødig
og gode leverandørar er avgjerande for oss, og når me kan få dette lokalt, er
det ekstra gledeleg. Bømlo Profil har vist seg å vere ein påliteleg samarbeidspartnar som leverer kvalitet, og me får den oppfølginga me ynskjer."

StyreleiarSvein Martens legg til: "Denne avtalen er ein viktig milepæl for
oss. Vår forretningsidé er å skreddarsy pakkar for bedrifter, finne dei rette
produkta, og gjere arbeidsklede og profilering så enkelt som mogleg for kunden.
Denne avtalen stadfestar at me treff på idé, pris og leveringsevne. Me ser at
næringslivet lokalt blomstrar, og me vil støtte opp om denne veksten, slik at
kundane våre kan fokusere på sine kjerneoppgåver."

For meir
informasjon, kontakt:

 Vegard Røsland,    Dagleg leiar     95911143, vegard@bomloprofil.no

  Svein Martens,       Styreleiar,        47906868,      svein@msafe.no


Sjå alle nyhende