Bømlo Profil inngår rammeavtale med B&G Vest
Dette skriv selskapet i ei pressemelding;
Bømlo Profil inngår rammeavtale med B & G Vest – satsar på lokal verdiskaping og langsiktig samarbeid
Bømlo, 7.August 2025 – Bømlo Profil har inngått ein ny rammeavtale med B & G Vest om leveranse av arbeidsklede og verneutstyr. Avtalen omfattar ein komplett garderobe og verneutstyr til alle tilsette, og strekkjer seg over ein periode på 3 år, med mogleg for forlenging i ytterlegare 2+2 år. Dette markerer eit viktig steg i Bømlo Profil si satsing på bedriftskundar i Sunnhordland.
Dagleg leiar i Bømlo Profil, Vegard Røsland, seier: "Me har utvikla ei heilskapleg løysing som dekker alle behov Bertelsen & Garpestad Vest har når det gjeld arbeidsklede og verneutstyr. Samarbeidet har vore prega av god dialog og gjensidig forståing, og me ser fram til å levere både kvalitet og service i tida framover. Lageret er klart, og me er stolte over å få vere ein del av deira kvardag."
Geir Leon Knutsen, dagleg leiar i B & G Vest, legg vekt på betydinga av lokal handel: "For oss er det viktig å støtte opp om lokale aktørar. Det gir både praktiske fordelar og ei ekstra dimensjon av ansvar. Bømlo Profil har vist at dei leverer det me treng, med god oppfølging og høg kvalitet. Me ser fram til eit godt langsiktig samarbeid."
Styreleiar Svein Martens i Bømlo Profil legg til: "Denne avtalen stadfestar at vår modell fungerer – me tilbyr tilpassa løysingar, rett produkt og enkel tilgang til arbeidsklede og profilering. Når store og solide selskap som B & G Vest vel lokale leverandørar, skapar det direkte verdiskaping i vårt eige nærmiljø. Me ønskjer å vere ein støttespelar for veksten i regionen, slik at kundane våre kan konsentrere seg om det dei gjer best."