Bømlo Kommune stiller på heim igjen!

bilde
Foto: Bømlo Fiskerihamn på Langevåg

Bømlo kommune – driftige folk i vakker natur

Foto; Simon Knutson Sortland, barn i vinterleik

Bømlo kommune er ein av dei største arbeidsgjevarane i regionen, med over 1000 tilsette innan helse og omsorg, barnehage og skule, kultur, tekniske tenester og samfunnsutvikling. Visjonen vår er «Berekraftige Bømlo», og me arbeider etter slagordet «Driftige folk i vakker natur» og verdiane raus, modig og engasjert.

Bømlo kommune – kompetansebehov og moglegheiter for studentar og jobbsøkjarar

 Kompetansebehov framover:

Bømlo kommune har eit aukande behov for arbeidskraft innan helse- og omsorgstenester, særleg sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og legar. Me har også behov for vernepleiarar og spesialkompetanse innan psykisk helse, rus, rehabilitering og velferdsteknologi. Kommunen tilbyr praksisplassar og lærlingplassar. Det er behov for fleire lærlingar, og kommunen har eigne program for å rekruttera menn til helseyrka og for å gi flyktningar moglegheit til å ta fagbrev.

 Digitalisering, innovasjon og bruk av ny teknologi er og viktige satsingsområde i tida framover, og me treng fleire med kompetanse innan IKT, personvern, automatisering og grøn omstilling.

Moglegheiter for studentar:
Me ønskjer at studentar tek kontakt dersom de ser ein link mellom studiet dykkar og kommunen sine tenester. Aktuelle tema for studentoppgåver kan t.d. vere:

  • Velferdsteknologi og digitalisering i helse- og omsorgstenestene
  • Rekruttering og heiltidskultur i kommunal sektor
  • Innovasjon og effektivisering av offentlege tenester
  • Klima, miljø og berekraft i kommunal drift
  • Integrering, mangfald og inkluderande arbeidsliv

 Sommarjobb

Våre sommarjobbar vert utlyst på nyåret. Me har behov for ekstra ressursar i sommarperioden, særleg innan helse, og tilbyr bonusordningar for ferievikarar og ekstra lønskompensasjon for studentar. Sjå kommunen si heimeside for oppdatert oversikt over ledige stillingar: Ledige stillingar hos Bømlo kommune

 Ta kontakt!
Dei fleste utdanningar er relevante hos oss, og me oppmodar studentar og jobbsøkjarar til å ta direkte kontakt med HR-avdelinga i kommunen ved spørsmål om oppgåveskriving, praksis eller jobb. Me vidareformidlar gjerne til rett eining.

Sjå alle nyhende