Bømlo Kommune bekymra over føreslått endring i opplæringstilbodet ved Bømlo vgs.

bilde

Brev til medlemmene i Hovudutval for opplæring i Vestland fylkeskommune 

Endring i tilbod struktur på Bømlo vgs. 2025/2026 

Bømlo Kommune er sterkt uroa over
forslaget som no er lagt fram for fylkespolitikarane i Hovudutval for opplæring
og kompetanse den 17.07.25 

Dersom forslaget om å ikkje starte opp Vg2Industriteknologi hausten 2025 vert vedteke, mister me eit viktig fag som betyr svært mykje for næringslivet her på Bømlo. 

Industriteknologi har stått, og står, sentralt i næringslivet i kommunen, og tilvekst til yrket er avgjerande for at bedriftene våre skal nå dei måla dei har sett seg føre. 

Gjennom Bømlomodellen har næringslivet i fleire år arbeida systematisk og målretta saman med skulen med å motivere ungdom til å velje utdanningar ved den lokale vidaregåande skulen, og fullføre denne. 

Modellen har vist seg å være svært vellukka, og heile 93 % av elevane fullfører og består vgspå Bømlo, noko som er heilt i Norgestoppen. 

Skulen er i dag er dimensjonert for dei behova næringslivet i kommunen og regionen har. Skulen i dag har gode søkjartal i nær alle fag, viser at samarbeidet gjennom Bømlomodellen gjer at me lukkast. 

Industriteknologifaget er der me har hatt mest utfordringar med å få elevar til å søkje seg til, men behovet er som nemnt stort, og nettopp derfor er det utruleg viktig at dei som no gler seg til å starte denne utdanninga til hausten får moglegheit til å ta denne. 

Om linja ikkje vert starta opp, er me redde for å at desse elevane ikkje går denne retninga, men heller vel andre fag som er geografisk nærmare, med dei konsekvensar det vil gje. 

Det vil òg gje oss utfordringar i framtidig rekrutteringsarbeid til linja, ved at elevar vil vegre seg for å søkje seg hit, då dei ikkje veit om dei får starte opp. 

Me ber om at hovudutvalet sikrar vg 2 industriteknologi startar opp som planlagt hausten 2025.

Me ber også om at hovudutvalet legg til rette for å auke elevtalet i klassane og
samstundes opne opp for auka fleksibilitet, slik at elevane får fullføra vidaregåande opplæring i heimkommunen sin. 

Med helsing 

Ordføraren i Bømlo 

Ragnfrid Sønstabø 

Varaordførar 


Sjå alle nyhende