Bømlo Bygg satsar friskt i Langevåg

bilde

Bømlo Bygg AS satsar friskt på netthandel, ombygging og nytt lagerbygg.

Næringsrådet tok turen til Langevåg på besøk til Bømlo Bygg AS, der me traff dagleg leiar Gerda Larsen og lagersjef Geir Ove Holm. Gerda har arbeida i same selskap i 18 år, og Geir Ove Holm sidan 2012. Dei er begge svært glade for at fam. Eidesvik overtok og at dei vil satse vidare. Bømlo Bygg AS har 4 årsverk, og tilbyr alt innanfor trelast, selskapet leverer også sand, grus, verktøy, maling, ja det meste ein treng.

Det føreligg store utvidingsplaner

Tvers over vegen kjem eit nytt lagerbygg, fortel Geir Ove Holm. Eksisterande bygg skal byggast om blant anna for å gi betre plass til dei to nettbutikkane Levia og Høvedsmann, som høyrer til i 2. etasje. Etter ombygginga vil dei få betre plass og det vert enklare å handtere trelasten, fortel Holm.

Ein stolt Geir Ove Holm viser oss rundt på området og fortel entusiastisk om nybygg,kjekke kunder osv.

Nytt tilbod til Bømlingane

Bømlo Bygg tilbyr nå klikk og hent så ein kan sitte heime i sofaen og planlegge ny terasse, bestille på nett og få levert på døra, enkelt og greit. I tillegg tilbyr Bømlo Bygg AS utkjøring av varer, noko som er populært.

Her kjem eit nytt stort lagerbygg, noko som vil gjera kvardagen enklare

Gjentek suksessen med Sommarbutikk

I ein ombygd container utanfor Bømlo Bygg AS, vert det no rigga til ein sommarbutikk, der ein kan få kjøpt eit utal av trelast, hageprodukter og ikkje minst is, etter opningstid. «Butikken» var også i drift førre sommar og vart eit godt tilbod til Bømlingane.

Her er sommarbutikken vår som snart er oppe og går, fortel Holm.

Marknadsdag 15. mai

Det vert stor marknadsdag den 15. mai i og utanfor Bømlo Bygg AS. Det vert skikkeleg gode tilbod, fortel Gerda Larsen, på vindu, ytterdører, maling og verktøy. Fleire leverandørar tek turen, og det vert servert pølser og is til alle kundar.

Bømlo Næringsråd takkar fr god mottaking og ynskjer lukke til med ombygging og ein travel sommarsesong.

Sjå alle nyhende