Bedrift i rivande utvikling midt i matfatet

bilde
Foto: Randi Olsen. Bilettekst: Evaldas Radoskevicius (nærast), Julius Kupsys og Espen Sørvik var i ferd med å montera stålrekkverk på ein flytekrage med kring 70 meter i diameter då Bømlo næringsråd var innom.

Ved ScaleAQ på Moster er dei i full sving med å montera nye arbeidsplassar for kring fem nye medarbeidarar som skal på plass etter påske. – Kjekt, seier dagelg leiar/områdeleiar på Moster, Ståle Ytrøy.

Kjekt er eit ord som går igjen når me snakkar med Ståle Ytrøy. – Det er kjekt å jobba her, me har eit eineståande arbeidsmiljø der alle dreg lasset i same retning, seier han. Som leiar prøver han å involvere dei tilsette i alle deler av verksemda, slik at dei får eit eigarskap til jobben, saman med «sjefen». Og han er ikkje framand for å ta i eit tak ute på produksjonen om det trengst. – Dersom det trengst, stiller eg sjølvsagt opp, her er me med, alle mann, seier han. – Det er det som er så kjekt og som gjer arbeidsmiljøet så fint og godt. 

Dei har likevel hatt nokre utfordringar den siste tida med å få levert både stål til produksjonen og å få elektroniske komponentar til datasystema dei held på og installerer. - Dei elektroniske komponentane kjem frå Austen, spesielt Kina, der pandemien har herja og no er i ferd med å blussa opp att på nytt, seier Åsmund Håvik, salssjef for ScaleAQ i Norge. – Men me bestilte tidleg det me skulle ha, for halvtanna år sidan, så no er det på plass og alt er ok – enn så lenge.

Då er det eit større problem med stålleveransane, fortel han. Som kjent går det føre seg ein krig i Ukraina, som står for 20-25 prosent av stålleveransane i Europa. Verksemda på Serklau treng stål til produksjonen av dei store flytekragane, og det vart eit problem då krigen braut ut. Store skipsverft over heile verda sikra seg raskt stål frå andre leverandørar. Dei har fått sikra seg stålleveransar på Moster også, frå Kina, men det er ei utfordring at prisane svingar frå dag til dag. – Klart det blir ei stor utfordring når me ikkje kan garantera prisar til kundane våre meir enn ein dag om gangen, seier Håvik. Han nemner eit døme der prisen gjekk frå 24 til 31 millionar kroner på berre 10 dagar. 

Ståle Ytrøy starta i den verdsomspennande verksemda ScaleAQ si avdeling på Serklau på Moster i 2017. Då var han den einaste faste tilsette, i tillegg til ein reisande servicemann. Den gongen leigde han inn team til å ta seg av produksjonen av dei store flytekragane. Fasilitetane var ikkje i nærleiken av den moderne verksemda som er etablert på Serklau i dag. – Her var ein grusbelagt plass ute, og sandroket stod rundt oss når me heldt på og jobba utandørs, fortel han. No held dei til på eit nyasfaltert 36 mål stort område og har flytta inn i eit stort nytt bygg, der dei har både fortøyingslokale, lager og inneservicelokalitetar som dei er i ferd med å rigga opp og gjera klar. - Du kan seia at me er ei utstyrs- og serviceverksemd for oppdrettsnæringa, der dei kan få gjort alt dei har bruk for på ein plass. I ein del av den store hallen vår skal me produsere fortøyingar til oppdrettsanlegga. Det er store dimensjonar og me treng god plass, seier Ytrøy og viser rundt. 

Bilettekst: Ivar Turøy (t.v.) og Nils Arne Bjelland har den viktige jobben med å sveise saman plastrøyra som skal danna fundamentet for flytekragen.

Den nye fortøyingshallen er 60 meter lang, og Ståle Ytrøy fortel at solide fortøyingar på opp mot 100 meter skal bli produserte i den lange hallen. I lokalet ved sida av er det utstyrslager, også det med store dimensjonar, der robotar kan hente fram små og store komponentar
alt etter kva som bli plotta inn på maskinane.

I det innarste rommet er tre-fire karar i ferd med å setje opp utstyr til dei som skal driva inneservice. Det vil seie at dei mellom anna skal kunna finna eventuelle feil ved undervass-overvakingskamera, foringssystem, lusekontroll og anna elektronisk utstyr som må fiksast. Denne serviceavdelinga har tidlegare vore lokalisert på Frakkgjerd i Tysvær kommune, men like over påske vil dei tilsette der venda nasen nordover mot Bømlo og Mosterhamn og få sin arbeidsplass der, og avdelinga på Frakkagjerd blir lagt ned. I dag er det 16 lokalt tilsette på Serklau. Over påske blir staben utvida til kring 22, og ved årsskiftet reknar Ytrøy med at dei er komne opp i 30.

Som nemnt er ScaleAQ ei verdsomfemnande verksemd, som produserer og leverer komplette anlegg til oppdrettskundar i over 40 land. Verksemda har kontor i sju av dei, mellom anna på Island, Færøyane, i Vietnam, Canada og Chile. Totalt har dei 850 tilsette globalt, 320 av desse i Norge. 

Hovudkontoret i Norge er i Trondheim, medan dei har avdelingar på Frøya i Trøndelag (Midt-Norge), ved Torvika ved Harstad (Nord-Norge) og altså på Serklau i Mosterhamn (Vest-Noreg). Kvifor på Moster? – Det er jo perlo, vettu, seier Ytrøy og smiler. – Men seriøst, så ligg me midt i oppdrettslandet Sunnhordland og Hardanger. Her er gode kaifasilitetar, me kan dytta dei ferdige flyteringane direkte på sjøen, der dei kan hentast og slepast der dei skal vera. Med inntil 70 meter i diameter kan dei jo ikkje fraktast på bil, det seier seg sjølv. Her er enkelt å komma til
med båt viss det skulle vera behov for raske serviceoppdrag. Så det er nok hovudsaka. I tillegg er det jo lagt godt til rette her på Serklau av
utbyggjarane Moster Eigedom  AS/Caiano, med muligheter for eventuell utviding. 

Apropos frakt: Medan Bømlo næringsråd var på besøk svinga det inn eit 20 meter langt vogntog med store plastrøyr som skulle lossast på området. Dei kom frå Hallingplast og hadde blitt frakta over vidda og til Moster. Tanken gjekk til svingane ved gamle Salem og me berre undrast på kor dyktige desse vogntogsjåførane er for å frakta utstyr og varer på smale og ikkje minst svingete vestlandsvegar. – Du veit, eg har drive med dette i mange år, så eg kjenner kvar einaste sving, seier den sindige hallingen med eit smil når me spør. 

Bilettekst: Eit 20 meter langt vogntog kom frå Hallingplast med store plastrøyr. Over vidda, ut langs Hardangerfjorden og til Serklau. Ein ekte sjåførkunst, vil me kalle det.

Tilbake til Ytrøy: Korleis er det med rekruttering og kva kompetanse treng ein for å jobba med dette? – Ein må lika tungt fysisk arbeid, for det er her rikeleg av, forklarar han. Og det viser jo dei enorme dimensjonane. Elles er det automatikarar og elektrikarar og andre yrkesgrupper det er bruk for. – Men det finst ikkje ei eiga linje på skule ein an gå, me har bruk for ulike kategoriar folk, seier han.

Bilettekst: Her i fortøyingshallen skal dei store fortøyingane til anlegga produserast, forklarar områdeleiar Ståle Ytrøy om det store lokalet.

Han vedgår at dei må gjera ein innsats for å få kvinnelege tilsette, no er det ein rein mannsarbeidsplass. – Men me har ingen rekrutteringsproblem, folk ringjer og sender epostar om jobb utan at me har lyst ut stillingar, seier Ytrøy. Han trur at ryktet om det gode arbeidsmiljøet gjer verksemda attraktiv som arbeidsplass. – HMS og berekraft står høgt på agendaen hos oss, og som sagt, me har det veldig kjekt her. Det trur eg er viktig på ein arbeidsplass, seier han til slutt, områdesjefen Ståle Ytrøy. 

Bilettekst: Inneservicekontoret der dyktige fagfolk skal finna feilen og fiksa ulike elektroniske system som er i bruk på oppdrettsanlegga. F.v. operatør Sondre Wiik, områdeleiar Ståle Ytrøy og salssjef Norge Åsmund Håvik.

Den 28. april skal det vera offisiell opning av det nye verksemdsområdet, med sjøsetting av flytekrage, snorklypping og tale av ordførar. 

Sjå alle nyhende