Årsmøtet i Bømlo Næringsråd
5o bedrifter og totalt 81 personar frå næringslivet på Bømlo var samla på Kulleseidkanalen Gjestehamn den 26.03.26, til årsmøte og årsfest i Bømlo
Næringsråd. Styreleiar Lauritz Eidesvik ønska velkommen og losa deltakerane gjennom årsmøtet, dagleg leiar RagnfridSønstabø presenterte årsmelding for 2025. Rekneskap for 2025 og budsjett for 2026, vart einstemmig vedteke.
Utdrag fra årsmøtepresentasjonen;
2025 har vore eit aktivt og innhaldsrikt år for Bømlo Næringsråd, prega av høg aktivitet, viktige gjennomslag og tett samarbeid med næringsliv, skule og offentlege aktørar.
Samstundes har arbeidet vore retta mot å sikre eit berekraftig driftsgrunnlag, og styrkje rolla til næringsrådet. Auka medlemskontigent og etablering av gullkontigent har lagt grunnlaget for full stilling som dagleg leiar og høg akvititet til beste for medlemmane framover.
Året starta med nytt leiarskap i Bømlo Næringsråd, og dei første månadene bar preg av bratt læringskurve, mange møteplassar og stor aktivitet. Næringsrådet er overtatt i god drift, og samarbeidet med styret har vore tett og konstruktivt. Gjennom året er det
gjennomført ei rekkje bedriftsbesøk hjå medlemsbedriftene og gullsponsorane,
noko som har gitt verdifull innsikt i både utfordringar og moglegheiter inæringslivet på Bømlo.
Kompetanse og rekruttering har vore sentrale tema gjennom heile året. Saka om opplæringstilbodet ved Bømlovidaregåande skule vart eit tydeleg døme på kor viktig samspel mellom skule, næringsliv og politiske styresmakter er. Besøket frå fylkespolitikarane ihovudutval for opplæring synte fram styrken i Bømlomodellen, der tett samarbeid og relevante utdanningstilbod gir høg gjennomføring og god rekruttering til
lokalt næringsliv.
2025 har også vore eit år med mykjenæringspolitisk arbeid og påverknad. Næringsrådet har hatt møte med stortingsrepresentantar, Vestlandsbenken, regionale næringsråd og delteke påarenaer som Vestlandsmøtet, Stordkonferansen og Fjordtinget. Etter stortingsvalethar arbeidet med å knyte tettare kontakt mot både Hordaland- og Rogalandsbenken blitt endå viktigare, særleg for å sikre gjennomslag for viktige saker for regionen. Kraft og nettkapasitet, rammevilkår for næringslivet og langsiktig
utvikling av regionen har stått høgt på agendaen. Ei viktig milepåle i år har vore at avgrensinga på tilgjengeleg straum er oppheva frå 1 MW til 5 MW (på Stord trafo), noko som gir nye moglegheiter for vidare industriutvikling på Bømlo.
Gjennom året har me arrangert og delteke på fleire møteplassar for næringslivet. Det er gjennomført frukostmøter med tema som kunstig intelligens, Vestlandsindeksen og grunnleggjande rekneskapsforståing. Heim igjen samla om lag 80 studentar og 16 bedrifter, og stadfestar kor viktig dette arrangementet har blitt for å synleggjere
moglegheitene for utflytta bømlingar.
Bømlakonferansen 2025 vart eit høgdepunkt i året. Med deltakarrekord, eit variert og relevant program og gode tilbakemeldingar i evalueringane, vart konferansen ein viktig møteplass for inspirasjon, kunnskapsdeling og samhald mellom medlemsbedriftene. Konferansen har festa seg som ein sentral arena for å samle næringslivet på Bømlo og peike ut retning for vidare utvikling.
Utviklinga i næringslivet på Bømlo har vore tydeleg i 2025. På Rubbestadneset er no om lag 1000 personar sysselsette i industrien, noko som er rekordhøge tal. På Moster er ein no i gong med utviding av industriområdet på Serklau, fusjonen mellom Hovlandshagen Utvikling og Bømlo Fiskerihamn er på plass, og kai og ro-ro-rampe er ferdigstilt. Dette
vitnar om ein region i vekst, med stor investeringsvilje og framtidstru i næringslivet.
Ved utgangen av året har Bømlo Næringsråd199 medlemsbedrifter frå heile kommunen, som til saman står for ein stor del av verdiskapinga på Bømlo. Styret har gjennomført fleire styremøte og ei strategisamling, og næringsrådet har vore ein aktiv pådrivar for
næringsutvikling, møteplassar og politisk påverknad.
Me takkar for året som har gått og for det gode samarbeidet med medlemsbedrifter, samarbeidspartnarar og offentlege aktørar. 2025 har vist kor mykje me får til når me står saman. Me går inn i 2026 med stor tru på vidare vekst og utvikling på Bømlo, og med eit tydeleg mål om å sikre tilgang på arbeidskraft med rett kompetanse, føreseielege
rammevilkår og gode vilkår for vidare næringsutvikling lokalt.
Ein ekstra stor takk går til gullsponsorane våre, som med engasjement og støtte gjer det mogleg for oss å halde oppe aktivitetsnivået og vere ein sterk pådrivar for næringsutvikling på Bømlo.
Relaterte bedrifter