Arbeidsloysa held seg forelopig fortsatt låg på Bomlo og i Sunnhordland
30. oktober 2026 // Pressemelding Nav region Sunnhordland
I oktober månad blei det registrert 1,1 prosentpoeng arbeidsløyse i Sunnhordland, noko som i oktober tilsvarer 328 personar. Talet held seg dermed foreløpig fortsatt på eit låg nivå og Sunnhordland ligg fortsatt lågare enn Vestland og landet elles når det kjem til arbeidsløyse. For både Vestland og landet er ledigheits tala likt som førre månad, med 1,6 prosentpoeng for Vestland og 2,0 prosentpoeng for landet.
Av dei registrert ledige er 0,2 prosentpoeng permitterte, heile eller delvis, som del av arbeidsstyrken. Dette er ein liten oppgang frå førre månad, då det var 0,1 prosentpoeng som var permitterte.
I oktober vart det registrert 210 ledige stillingar i regionen, noko som er 38 prosentpoeng mindre enn same månad i fjor. Bransjen med flest utlyste stillingar er igjen innan helse, pleie og omsorg med 51 stillingar. Deretter følger ingeniør og IKT-fag med 48 utlyste stillingar. Innan industriarbeid er det ein reduksjon på utlyste stillingar med 65 prosentpoeng samanlikna med same månad i fjor.
-Me ser at både for september og for oktober er det ein betydeleg reduksjon i talet på utlyste stillingar, og for begge månadene er og reduksjonen stor innan industriarbeid. Me ser og at tilgongen på arbeidssøkarar i regionen aukar i både september og oktober, samanlikna med tidlegare, seier Håvard Lægreid, regionleiar for Nav i Sunnhordland.
I oktober er arbeidsløysa lågast i Kvinnherad og Fitjar kommune, med 0,8 prosentpoeng. Deretter følger Stord og Sveio med 1 prosentpoeng, medan Bømlo har 1,3 prosentpoeng og Tysnes har 1,4 prosentpoeng.
-Foreløpig er det fortsatt behov i næringslivet i regionen slik at arbeidsløysa held seg på eit låg nivå. Me er spent på korleis utviklinga vil bli i tida framover. Me forventar å sjå ei auke i abeidsløysa i tråd med at aktiviteten i verftsindustrien avtar, avsluttar Lægreid.
Håvard Lægreid, regionleiar, tlf. 900 87 622, e-post havard.legreid@nav.no
Relaterte bedrifter