Arbeidsgjevarar kan ikkje ta kostnaden ved korona-sjukdom aleine

bilde
Foto: Kelly Sikkema, Unsplash

Bømlo Næringsråd er medlem i Næringsalliansen saman med 16 andre næringsråd i Vestland fylke, og saman representerer me 3 000 bedrifter og 150 000 arbeidsplassar. No arbeider me for at arbeidsgjevarperioden for koronarelatert sjukdom blir redusert ytterlagere for første halvår 2022.

"Vi gler oss over at dei aller fleste koronarestriksjonane er fjerna. Det er bra for folk, og det er bra for alle dei verksemdene som Næringsalliansen representerer. Men for mange av desse er pandemien langt frå over. Noko av det aller tøffaste ligg framfor oss.

Styresmaktene har i hovudsak stilt opp for eit hardt pressa næringsliv. Med få unntak har økonomiske kompensasjonar truffe godt og medverka til å halde folk i arbeid. Pandemien er no inne i ein fase der svært mange blir smitta. Det inneber nye utfordringar for verksemder med låg likviditet. Sjukefråveret ved slutten av januar var svært høgt. Alt tyder på at dette har eskalert inn i februar og at utviklinga vil halde fram.

Arbeidsgjevarar får refundert sjukepengar frå og med dag 6 for koronarelatert fråver. Reglane gjeld til og med 30. juni 2022. Arbeidsgjevar får refundert sjukepengar for dag 6-16 når fråveret skuldast korona.

Sjukefråver som følge av korona strekk seg oftast over 1 til 6 dagar. Dette skjer gjerne fleire gongar, når heimebuande born blir sjuke og må vere heime frå barnehage eller skule. Det er til hjelp at kravet om isolasjon for symptomfrie smitta noe er fjerna, men det vil langt frå løyse problema aleine.

Slik reglane no er innretta, inneber det at kostnadane for det koronarelaterte sjukefråveret i all hovudsak råkar næringslivet. Meirutgiftene kjem i tillegg til ekstreme straumprisar i februar, mars og april. Samla blir dette svært vanskeleg å komme gjennom for mange verksemder.

Næringsalliansen ber om at arbeidsgjevarperioden for koronarelatert sjukdom blir redusert ytterlagere for første halvår 2022.

Beste helsing,

Espen Børhaug
⁠Næringsalliansen"

Sjå alle nyhende