Arbeid i næringsrådet

bilde

Sidan sist nyheitsbrev har Bømlo næringsråd arbeida med ulike prosjekt og saker. Her følgjer informasjon om nokre av aktivitetane.

1.

27. oktober hadde Bømlo Næringsråd samling for handels- og servicebedriftene i samarbeid med Bømlakortet. Samlinga fann stad i Moster Amfi, der 35 stk frå ulike verksemder deltok. Her fekk ein høyre innlegg frå Gullsmio, Sortlands Møbelsenter, NHO Vestland, Marine Profile og Sikje Småbruk. Kjetil Fyllingen frå Sunnhordlandspodden var konferansier, og leia ein paneldiskusjon, der innleggshaldarar deltok, saman med Astrid Kjellevold frå Atheno. Det var ei triveleg samling med god stemning, og næringsrådet fekk mange gode innspel med seg til kva som er viktig me arbeider vidare med framover, for å legge betre til rette for samarbeid mellom lokale handels- og servicebedrifter. Det vil bli fleire samlingar for næringa i løpet av 2022 – så her er det berre til å glede seg!

2.

Om lag 80 personar frå det lokale næringslivet var til stades då Bømlo Næringsråd saman med Sparebanken Vest inviterte til samlinga Berekraftige Bømlo i kulturhuset 28. oktober. Her fekk dei høyre om korleis lokale bedrifter som UNITECH, Wärtsilä, Eidesvik, Servogear, Zinus, Olvondo Technology, Scale AQ og Bremnes Seashore bidreg til det grøne skiftet gjennom deira teknologiutviklingsprosjekt. Sparebanken Vest innleia med å fortelje litt kva deira rolle som bank er, i høve den omstillinga me er inne i, og kva nasjonale og internasjonale krav og føringar som etter kvart gjer seg gjeldande, og NHO Vestland oppsummerte samlinga og gav sine betraktningar på kva som er viktig å leggje til rette for, i den energiomstillingstida me er inne i.

3.

Bømlo Næringsråd går på lufta med ny nettstad 1. desember, bomlonr.no. Her har me lagt inn alle medlemsbedriftene etter beste evne. Det er likevel fort gjort å gjere feil på tekst, bileter, kategoriar og så vidare, så det er topp om de går inn på sida, og sjekkar at alt ser ok ut for dykkar bedrift. Tilbakemelding om endringar, sender de til post@bomlonr.no.

Det er Ilder som har laga til den nye nettstaden, og den har same plattform i botn som Opplev Bømlo. Bømlo Næringsråd sin logo og design var i si tid utvikla av det lokale reklamebyrået Synleg, som vart kjøpt opp av reklamebyrået Zpirit tidlegare i år. No har dei modernisert designprofilen til Bømlo Næringsråd i samband med utviklinga av nyheitsbrevet vårt, og me er svært nøgde med resultatet. Me har difor lagt opp til same fargar og oppleving på nettstaden, som i nyheitsbrevet, og me har òg fått dette inn i powerpoint-malane til næringsrådet. Me takkar for god hjelp, og er godt nøgde med resultatet.

4.

Rapporten om Grøn Region Vestland er no klar, og vart publisert 22. november 2021. Denne kan ein få tilgang til https://www.vestlandfylke.no/kalender/2021/gron-region-vestland---lansering-av-hovudrapport/.

Sjå alle nyhende