Arbeid i næringsrådet

bilde

Sidan sist nyheitsbrev har Bømlo næringsråd arbeida med ulike prosjekt og saker. Her følgjer informasjon om nokre av aktivitetane.

1.

Stadig fleire bedrifter melder seg inn i næringsrådet, og no tel me 235 medlemsbedrifter. Fram mot februar 2022 har me planlagt fleire samlingar, og me sender ut invitasjonar på e-post til relevante deltakarar. Ta kontakt om det er tema eller område du ønskjer at aktørar i næringsrådet samlar seg om, så ser me på dette saman.

2.

Nett no er ikkje nettstaden til Bømlo næringsråd oppdatert med medlemsoversikt. Dette er fordi me held på å lage ny nettstad for Bømlo næringsråd, som skal vere klar i løpet av hausten. Me kjem til å be dykk om litt informasjon som me ønskjer å leggje ut på nettstaden, som logo, kort tekst og illustrasjonsbilete. Det vil komme informasjon om dette i eigen e-post etter kvart.

3.

Prosjektet Grøn region Vestland kartlegg Sunnhordlandsregionen sitt arbeid innan grøn forretningsutvikling. Prosjektet er eigd av Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge, og dei ser på kva moglegheiter og barrierar som finnes for grøn omstilling i fylket. 21. september var dei på Bømlo, og då organiserte Bømlo Næringsråd ein rundtur på øya, slik at dei fekk møte Moster Amfi, Bremnes Seashore, Olvondo Technology, Zinus, Servogear, Wärtsilä, Eidesvik, Bømlo Fiskerihavn, Finnås Kraftlag og Eidesvik Havfiske. Det var ein innhaldsrik dag, og Grøn region Vestland fekk mange gode innspel med seg tilbake til prosjektet.

4.

Før sommarferien tok Bømlo næringsråd initiativ til å setje opp skilt som peika på Opplev Bømlo på Langevåg og Rubbestadneset, samt oppgradere gamle skilt med ny folie når ein kjem til Bømlo over brua. I tillegg kjøpte 11 næringsaktørar beachflag som dei sette utanfor sine bedrifter. Dette vart gjort like før ferien, med god hjelp frå Ilder og Marine Profile med hhv. design, trykk og montering, og me kom i mål medan det enno var sommar og ferietid.

Bømlakortet, Norwegian Marine & Energy Complex, Napier, Bømlo kommune, Bømlo Storsenter, HSD-senteret, Kuben, Joker Espevær, Joker Finnås, Bømlo kulturhus, SPAR Bømlo, Bømlo hotell og Moster Amfi var med og sponsa dette løftet, og utan desse hadde det ikkje vore mogleg!

I arbeidet med skilting, vart me dessutan gjort merksame på at ei meir heilskapleg tilnærming av skilting på Bømlo, vil gjere det enklare for både innbyggjarar og besøkjande å finne fram. Difor har næringsrådet teke initiativ til eit slikt heilskapeleg skilt- og informasjonsprosjekt for Bømlo, og samarbeider med kommunen om dette. Resultatet håpar me viser att over heile kommunen før sommaren 2022. (Til info stoppa dette prosjektet opp grunna mangel på ressursar, men alle bedrifter som ligg inne på Opplev Bømlo har no GPS-koordinatane inne, slik at folk som kikkar på dei, får opp raskaste reiseruta på Google-maps frå der dei er).

Sjå alle nyhende