All time high for Kiwi Rubbestadneset

bilde

Kiwi Rubbestadneset

Det er travle dagar for Maren Haugland, kjøpmannen som har styrt Kiwi-butikken i Rubbestadneset i 13 år. Med 19 år i bransjen og tre barn heime, har ho opplevd både oppturar og utfordringar ,men akkurat no peikar pilene oppover. Omsetninga er over budsjett, og det går mot rekordår for butikken. Me oppgraderte heile butikken for tre år sidan, og det merkast på omsetninga, fortel Maren.

Bak suksessen står ikkje Maren åleine.

Eg har veldig flinke tilsette som er stabile. Me er 17 tilsette, og det betyr mykje for miljøet i butikken, seier ho. Ho fortel også at ho har ein veldig tolmodig og kjekk mann, utan han så hadde ikkje kvardagen gått opp som kjøpmann.

Lokalsamfunnet i endring

Rubbestadneset har vore gjennom store endringar dei siste åra, og folketalet har auka. Det er stor aktivitet i industrien, næringslivet går godt og det vert satsa stort på nye etableringar og fleire arbeidsplassar. Asylmottaket, vidaregåande skule har også bidrege til auka tilflytting og aktivitet. Det skjer mykje her, og det merkast i butikken, seier Maren.

Etterspurnad og handlemønster

På spørsmål om kva varer som er mest etterspurde akkurat no, svarar Maren at det er ting som er på priskrig. Me merkar jo dyrtida, folk unner seg mindre, seier ho. Kundevanane har endra seg det siste året. Me sel meir vanlege matvarer, men mindre bakevarer og julekjeks (sesongvarer). Folk har kanskje endra kva dei kjøper?.

Matsvinn og lokale leverandørar

Butikken jobbar aktivt for å redusere matsvinn og samarbeider tett med lokale leverandørar. Vi prøver å bestille inn det vi treng, og er alltid opne for å ta inn varer om det er noko kundane saknar, fortel Maren.

Satsingsområde og framtidsplanar

Kiwi Rubben har planar for framtida. Skal ein henge med i utviklinga så er det viktig å oppgradere butikken,planane er klare ho ønskjer seg meir plass til kjølevarer, større utval og breiare varesortiment. Men om det vert i 2026 eller 2027 er ikkje avklara ennå.

Utfordringar og gleder

Kvardagen som kjøpmann kan vere krevjande. Det kan fort bli mange timar på jobb, og bruttoen har gått ned. Det betyr at vi må selje meir av alt for at det skal vere lønsamt. Men eg føler meg veldig heldig som har Norgesgruppen og Kiwi i ryggen her i Rubben, seier ho.

Ynskjer 2026 velkommen

No som julefeiringa er over og vi har gått inn i eit nytt år, merkar Maren at kundane er klare for å legge bak seg ribbe, pinnekjøt og julebrus. No er det mange som ønskjer å starte året med sunne vanar og litt lettare mat, fortel ho. Me ser at salet av frukt, grønt og sunne alternativ aukar, og folk er opptekne av å finne gode rutinar etter ei lang høgtid. For oss i Kiwi handlar det om å møte behova til kundane, anten det er til fest eller kvardag.

Maren ser optimistisk på året som kjem, og gler seg over all aktivitet i Rubbestadneset som sjølvsagt viser igjen på omsetninga. Det er ei glede å kunne gi god service til kundane ,fortel ho.

Sjå alle nyhende