Bømlo folkebibliotek

Vestlandsfjordane – verdas vakraste reisemål

bilde

Forfattar Espen A. Jacobsen kjem til Bømlo Folkebibliotek og skal snakke om boka si «Vestlandsfjordene – verdens vakreste reisemål». Han har tidlegare skrive blant anna boka «Kystferie i Norge – fra Bergen til Kirkenes».

I samband med dette inviterer Bømlo Folkebibliotek reiselivsaktører på Bømlo til biblioteket, både for å delta på sjølve arrangementet, og for å vise fram sitt tilbod til besøkjande. Her kan de ta med brosjyrer, roll-ups eller liknande som de kan ha framme før og etter arrangementet med Jacobsen. Fint med ein tilbakemelding innan måndag 17. april så me kan organisere og plassere dei som ønskjer å delta.

Håpar det er fleire som ønskjer å delta på dette, slik at me kan få presentert dei gode tilboda som finnes på Bømlo, og at de kjem på forfattarbesøket. Jacobsen tek gjerne imot innspel og spørsmål frå aktørar og publikum i løpet av arrangementet.

Meir om arrangementet her.

For spørsmål, ta kontakt med: oystein.kausrud@bomlo.kommune.no

Me ønskjer dykk hjarteleg velkommen til biblioteket den 19. april!

Sjå alle hendingar