Ilder

TCW: Praktisk bruk av AI/ML

bilde

Tech Cluster West (TCW) er eit møtepunkt for IT- og teknologiglade personar i Sunnhordland. og er eit forum for å presentere og diskutere aktuelle teknologiar, trendar og hypes. Bitcoin, blockhain, AI, tryggleik, hacking, personvern m.m. har vore på agendaen. Møta er på Kunnskapshuset på Stord, varer i 2-3 timar, og går akkurat passe i djupna på eit aktuelt tema.

Då er det atter tid for Tech Cluster West. Me ynskjer å invitera alle med med ei middels til sterk interesse for elektronisk datahandsaming i Sunnhordland til å møtast 10 januar. Temaet denne gongen er “Praktisk bruk av AI/ML”. Det tyder at me ser på korleis det kan nyttast på ekte.

  • Andreas Øye frå Sparebanken vest kjem for å prate om korleis dei nyttar AI/ML hos seg.
  • Knut Marius Sundt frå Ilder kjem for å snakke om korleis me nyttar CoPilot frå github når me utviklar.
  • Tor Gjøsæter tek for seg hippiedelen med eit augekast på Midjourney og Stable diffusion.
  • Frode Marton Meling kjem og snakkar om ein use-case for stålutrekning dei har eksprimentert med på Salt Ship Design.

Vel møtt på Kunnskapshuset på Stord! Meld deg på her, så me får organisert mat!

Sjå alle hendingar