Ilder

TCW: Internet of Things

bilde

Tech Cluster West (TCW) er eit møtepunkt for IT- og teknologiglade personar i Sunnhordland. og er eit forum for å presentere og diskutere aktuelle teknologiar, trendar og hypes. Bitcoin, blockhain, AI, tryggleik, hacking, personvern m.m. har vore på agendaen. Møta er på Kunnskapshuset på Stord, varer i 2-3 timar, og går akkurat passe i djupna på eit aktuelt tema.

25. april kl 1900 vert det på ny arrangert Tech Cluster West på Kunnskaphuset i Sæ. Temaet denne gangen er “Internet Of Things” #iot 💡.

Petter Hareim frå Haugaland Kraft Energi AS stiller som #keynote-haldar med ein prat titulert “Førstemann til HAN-porten: En historie om å utvikle IoT for folk flest”. Her får me erfara korleis ei ekte IoT-løysning vert laga med all kompleksitet den har, frå hardware, software og til prosessnivå.

I tillegg vert det to #lynføredrag⚡, eit med Tor Gjøsæter frå ilder for å fortelje om deira erfaring med #IoT frå eit industrielt perspektiv og lærlingane Marcus Skålevik og Henrik Solstrand Furdal i ilder kjem til å halde #lynføredrag med hands-on IoT med ein #ardunio.

Påmelding: https://lnkd.in/dxEzDz5F

Plass: Kunnskapshuset, 3. etg. tirsdag 25. april kl. 19:00

Sjå alle hendingar