Moster Amfi
Reiselivssamling
Me ønskjer å invitere me medlemmar innan reiseliv og turisme til ei samling i Moster Amfi.
Målet med møtet er å inspirere til erfaringsutveksling, kontakt/samarbeid mellom dei ulike aktørane. Det legges opp til enkel lunsj servering for dei som ønskjer, då betaler ein sjølv i kafèen.
Møteleiar: Nina Meldahl Olsen/Ragnfrid Sønstabø
Agenda:
- Korleis har årets sesong vært?
- Kva erfaringar har me gjort?
- Vidare mot 2026
- Korleis arbeider me opp mot Visit Sunnhordland?
- Kor er me på kartet?
- Korleis arbeider me for å utvikle oss?
- Kva kan me lære av kvarandre?
Me håpar at du set av datoen i kalenderen og tek turen til Moster Amfi for ei hyggjeleg samling med kollegar i same bransje.
Påmelding til post@bomlonr.no innan 31. oktober.
Sjå alle hendingar