Bømlo Hotell

Reiselivssamling

bildeFoto: Bømlo hotell

Bømlo Næringsråd inviterer til reiselivssamling på Bømlo Hotell. Me får høyre litt om året som gjekk, tankar om samarbeid og året som kjem.

Etter innlegga vert det gruppediskusjonar der me diskuterer:

  • Kva kan me gjere av ting saman, slik at me gjer kvarandre sterkare?
  • Kva manglar me, eller kva skal til for å få fleire reiselivstilbod etablert i kommunen?
  • Kva kan Bømlo næringsråd hjelpe til med?
  • Korleis kan me byggje vidare på Opplev Bømlo-portalen, for å styrkje Bømlo som reisemål?
  • Korleis kan me på Bømlo vere med å styrkje Visit Sunnhordland, og Sunnhordland som reisemål?

Påmelding til heidi@bomlonr.no -hugs å meld frå om du vil ha komler til middag :) ⁠Håpar å sjå deg på hotellet i januar - vel møtt!

Agenda
16:00Mogleg å kjøpe seg middag på hotelletKomle :)
16:30Velkommenv/Bømlo Næringsråd
16:40Opplevingar til sjøsv/ dagleg leiar Stian Rysjedal MS Venemøy
16:50Kva skjer på Moster?v/dagleg leiar Nina Meldahl Olsen Moster Amfi
17:00Kulleseidkanalen Gjestehamnv/adm.leiar Marius Økland Fylkesnes Fisk
17:10Rorbuferie på Bømlov/Paul Jørs Aasheim Rorbuer
17:20Turistinformasjon - året som gjekk og tankar om året som kjemv/turistvert Heidi Laurhammer
17:30Kaffipause og drøs
18:00 - 19:30Gruppediskusjonar