Bømlo Kommune

Offisiell opning av Bømlo Fiskerihamn

bilde

Vestland Fylkeskommune i samspel med Bømlo Kommune og Bømlo Fiskerihavn AS inviterer til opning av Sunnhordland si fiskerihamn i Hovlandshagen/Langevåg fredag 21. juni 2024

Moloen ved Bømlo fiskerihamn er no ferdig. Moloen er bygd av Vestland fylkeskommune, med forskottering av lokalt næringsliv. Kystverket overtek no ansvaret for moloen. Vestland fylkeskommune ser det som strategisk viktig å leggja til rette for fiskerinæringa, og anna næring i tilstøytande næringsområde.

Den offisielle opninga krev ingen påmelding - her er det berre å komme.

Dei som er inviterte til lunsj, har fått personleg invitasjon frå ordførarar, varaordførar eller fylket.

Sjå alle hendingar