Bømlo Næringsråd

Medlemsmøte, organisering og finansiering (Teams)

bilde

Trykk her for Teams-lenke til møtet.

Som mange har fått med seg, vert det endringar i næringsrådet framover, når me blir nødt å redusere aktiviteten frå to til ein tilsett. Samstundes er det behov for å auke finanseringa frå næringslivet, for å ha ein tilsett på jobb, som har det som si viktigaste oppgåve å arbeide for næringslivet på Bømlo.

På årsmøtet gav samtlege deltakarar tilbakemelding om at det var vilje til å doble medlemskontingentene for å sikre ein stilling i næringsrådet. Styret har etter dette vore i kontakt med fleire av dei største medlemsbedriftene, og fått tilbakemeldingar at dei kan bidra med ein enno høgare kontingent framover.

Me ønskjer å ta eit medlemsmøte no før sommaren, der me gjer ein status på arbeidet med finansiering, og prosessen fram mot tilsetting av ny ressurs, og ikkje minst forventningstyre litt både kostnader og prioriteringar for næringsarbeidet frå 2025.

Håpar de tek dykk tid til å stille på dette viktige møtet!

Vennleg helsing

Styret, ⁠Bømlo Næringsråd

Sjå alle hendingar